Gå til hovedinnhold

Over 300 artar til no


Kollasj av tre bilder som viser toktet. På første bildet ser en forsker i mikroskop, på ett ser

Glimt frå kvardagen på årets økotokt. 

Fotograf: Johanna Myrseth Aarflot, Elena Eriksen, Lea Marie Hellenbrecht / HI

Havforskarane er på veg nordover.

– Vi har registrert 304 ulike artar frå pelagisk trål og botntrål til no, fortel havforskar Johanna Myrseth Aarflot. 

Ho har nyleg gått i land etter å ha fullført ei etappe på  «G.O. Sars» under haustens økosystemtokt i Barentshavet. 

Toktet – og artsregistreringane – går vidare. 

Går nordover

No er dei tre norske forskingsfartøya i økotoktet på veg lenger nord – rundt Svalbard og ut i det sentrale og nordlege Barentshavet. Tidlegare har dei dekt sørlege og sørvestlege deler. 

– Ein stasjon på økosystemtoktet tek heile fire timar å gjennomføre, på grunn av alt utstyret som skal i sjøen og alle prøvene vi tek, seier Aarflot. 

Ryggen av ein grønlandskval bryter så vidt overflata. Han bles ut blåseholet
Sjeldant syn: Grønlandskval.
«Johan Hjort» kom inntil to grønlandskvalar på same dag, under årets økotokt. Grønlandskval er ein bardekval, og han held seg i arktiske strok året rundt. 
Foto: Yasmin Hunt / HI

Overvaking av fiskebestandar

Data frå toktet vert brukt inn i bestandsvurderinga av fleire av dei viktigaste kommersielle fiskebestandane i Barentshavet. 

Toktet er særleg viktig for overvaking av loddebestanden. 

– I 2025 var den modnande bestanden på det lågaste nivået vi har målt for lodda sidan 1995, seier havforskar Georg Skaret. 

Difor tilrådde forskarane fiskestopp for 2026, som for 2025. 

Lodda i Barentshavet er ein kortlevd bestand – ho lever sjeldan meir enn fem år, og døyr like etter gyting. Difor kan bestanden også variere kraftig frå eit år til neste. 

Basert på målingane frå i fjor ventar ein låge nivå av lodde i år, men historia har synt at bestanden har ein sterk tendens til å kome seg att over tid. 

Hær(leg)fugl

På årets økosystemtokt er Håvard Eggen med som fugleobservatør – og han har gjort seg nokre fugleobservasjonar å skrive heim om. 

«Når jeg står på speiding, er jeg alltid oppmerksom på artene som flyr forbi. Men hva som plutselig skulle dukke opp foran baugen i dag, var jeg absolutt ikke forberedt på. En hærfugl!»

Nærbilde av ein hærfugl. Fuglen har eit langt og smalt nebb, og ein prikka fjørtust som går langs hovudet. Hærfuglen er lys brun i fargen og har svart og kvit fargesjattering langs vengjene
Økotoktet har fått besøk frå sørlegare strok: ein hærfugl.
Foto: Håvard Eggen (etter avtale)


​​​​​​​Den søreuropeiske fuglen landa på «G.O. Sars» midt ute i Barentshavet.  

«Jeg hadde aldri trodd at jeg skulle stå langt ute i Barentshavet, ikke langt fra Svalbard, og se en krykkje jage en hærfugl.»

Ein snøspurv melde seg òg frivillig som sorteringshjelp på økotoktet. Her har han fått tak i ein storkrill på dekk av G.O. Sars.

Ein snørspurv som et krill
Foto: Håvard Eggen (etter avtale)

​​​​​​​