Kvoteråd: Kysttorsk nord 62 grader N

HI-042186.jpg

Kysttorsken nord for 62ºN har en levetid på 20 år, men blir sjelden over 15 år.

Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

ICES sitt råd

ICES tilrår sterkt at det blir utvikla ein ny gjenoppbyggingsplan for norsk kysttorsk nord for 62° N. For 2020 vil ICES halde fram med å gje råd i samsvar med den eksisterande gjenoppbyggingsplanen.
Gjenoppbyggingsplanen bygger på resultata frå hausttoktet. ICES tilrår på bakgrunn av gjenoppbyggingsplanen at dersom gytebestands-indeksen i hausttoktet i 2019 (resultat ligg føre tidleg i desember) er lågare enn indeksen i 2018, skal fiskerireguleringane sikte mot ein reduksjon av fiskedødsrate i 2019 på minst 75 prosent relativt til fiskedødsrate i 2009. Dersom toktindeksen er høgare enn i 2018, skal fiskerireguleringane sikte mot ein reduksjon av fiskedødsrate i 2020 på minst 60 prosent relativt til fiskedødsraten i 2009.

Historisk bestandsutvikling

Toktmålingane av gytebestanden har variert uten klar trend i dei to siste tiåra. Fiskedødsratenhadde ein minkande trend i 2000-2014, auka i 2015-2017, men gjekk ned litt i 2018.

Bestandens tilstand

ICES kan ikkje vurdere status for bestanden og fisket samanlikna med referansepunkt for høgt langtidsutbytte og føre-var-tilnærming, fordi desse referansepunkta ikkje er definerte for denne bestanden.

Venta bestandsutvikling

Det er ikkje laga nokon prognose for venta bestandsutvikling.

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Bestandsvurderinga er usikker. Det er fleire grunnar til dette: Uvisse i splitting av fangstane mellom nordaust-arktisk torsk og kysttorsk, der kysttorsk er ein liten del av totalfangsten av torsk, usikre tal for fritids- og turistfiske, toktet dekkjer ikkje den delen av bestanden som står i grunne område.

Saker relevant for rådet

Gjenoppbyggingsplanen har no vore operativ i 8 år (sjå tabellen under). Planen tilseier at fiskedødsraten i 2019 skal vere minst 60% lågare enn i 2009. Data for 2017 viser både at fiskedødsraten har auka dei siste åra, og at fangstane i 2017 er høgare enn i 2009. Dei reguleringane som har blitt innført, har såleis ikkje gitt den ønska effekten.

 

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori: 3
Bestandsvurderingstype: Toktindeks og estimat av F frå ein forsøksvis VPA-modell.

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): Ikkje definert
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): Ikkje definert
Kritisk fiskedødsrate (Flim): Ikkje definert
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): Ikkje definert
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan: trinnvis reduksjon inntil gjenoppbyggingsmålet er nådd.

Standardplott

Havforskingsinstituttets kommentarar

Dei tiltaka som er sette i verk for å redusere fiskedødsraten på kysttorsk har ikkje hatt den ønska effekten. Det trengs difor meir effektive reguleringstiltak om målsettinga i gjenoppbyggingsplanen skal bli nådd.