Kvoteråd: Nordaustarktisk hyse

C:\Users\a22905\Pictures\Kvoteråd\Hyse\forside.wide_large.jpg

Foto: Havforskningsinstituttet

Anbefalt kvote 2020
215 000
tonn
Anbefalt kvote 2019
152 000
tonn
Avtalt kvote 2019
172 000
tonn

ICES sitt råd

ICES tilrår, i tråd med Den norsk-russiske fiskerikommisjonen sin forvaltingsplan, at fangsten i 2020 ikkje bør overstiga 215 000 tonn.

Historisk bestandsutvikling

Gytebestanden har vore større enn referansepunktet MSY-Btrigger sidan 1989. På grunn av sterke årsklassar på treårsstadiet i perioden 2007–2009 (2004–2006-årsklassane), nådde bestanden eit rekordhøgt nivå rundt 2013. Dei siste åra har gytebestanden minka, men er framleis langt over MSY-Btrigger. Fiskedødsraten har auka dei siste åra, og er no over målreferansepunktet Fmsy, men under føre-var-referansepunktet Fpa.

Bestandens tilstand

ICES vurderer fiskepresset til å vere over Fmsy, men under Fpa og Flim, og at bestanden har full reproduksjonskapasitet.

Venta bestandsutvikling

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Systematiske store endringar i bestandsvurderinga over tid reiser spørsmål om kvaliteten til vurderinga. Dette skal undersøkjast nærare i ein planlagd metoderevisjon i 2020.

Saker relevant for rådet

Regelen i forvaltingsplanen om maksimalt 25% endring i kvote frå år til år avgrensar auken i TAC, utan denne regelen ville rådet blitt 231 352 tonn. Prognosene tilseier at årsklassene 2016 og 2017 vil utgjere 48% av fangsten i vekt i 2020. Den gode rekrutteringa dei siste åra, spesielt 2016-årsklassen, gjer at ein reknar med at totalbestanden (3 år og eldre fisk) vil auke betydeleg frå 2019 til 2021, og det blir ein svak auke i gytebestanden. Den gode rekrutteringa gjer også at det kan bli utfordringar med stor innblanding av undermåls fisk i hysefisket i 2020.

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori: 1
Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (SAM).

Nøkkeltall

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 50 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 80 000 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSY-Btrigger): 80 000 tonn
Kritisk fiskedødsrate (Flim): 0,77
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): 0,47
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): 0,35
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): 0,35
Venta fiskedødsrate i 2019: 0,34
Venta gytebestand i 2020: 216 384 tonn
Tilrådd kvote 2020: 215 000 tonn
Tilrådd kvote 2019: 152 000 tonn
Avtalt kvote 2019: 172 000 tonn

Standardplott

Nordaustarktisk hyse. Historisk utvikling av fangst, rekruttering, fiskedødsrate og gytebestand. Siste års rekruttering (open søyle) er gjennomsnittleg rekruttering. For rekruttering, fiskedødsrate, og gytebestand er 95% konfidensintervall vist.