Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Nordaustarktisk torsk


torsk
Fotograf: P. Eide / Havforskningsinstituttet
Anbefalt kvote 2021
885 600
tonn
Anbefalt kvote 2020
689 672
tonn
Avtalt kvote 2020
738 000
tonn

ICES sitt råd

ICES tilrår at når ein følgjer forvaltingsplanen vedtatt av den norsk-russiske fiskerikommisjonen, at fangstane i 2021 ikkje bør overstige 885 600 tonn.

Historisk  bestandsutvikling

Gytebestanden har vore over MSYBtrigger sidan 2002. Gytebestanden nådde toppnivået i 2013 og har minka noko dei siste åra. Fiskedødsraten (F) vart redusert frå godt over Flim i 1997 til under FMSY i 2008. Sidan 2008 har den vore under  FMSY. Det har ikkje vore sterk rekruttering etter årsklassene 2004 og 2005.

Bestandens tilstand

Bestanden blir hausta berekraftig og har full reproduksjonskapasitet.

Venta bestandsutvikling

* SSB i 2022 samanlikna med SSB i 2021
**Fangst i 2021 samanlikna med TAC i 2020
*** Råd for 2021 samanlikna med råd for 2020

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Bestanden er betydeleg oppjustert frå fjorårets bestandsvurdering, dette skuldast at antal fisk i dei viktigste aldersgruppene i fiskeriet (5-10 år) er oppjustert og ikkje at nye sterke årsklasser er på vei inn.

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 220 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 460 000 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSYBtrigger): 460 000 tonn
Kritisk fiskedødsrate (Flim): 0,74
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): 0,40
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): 0,40
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): 0,40 (nivået blir auka for høge gytebestandar i følge den gjeldande forvaltingsplanen)
Venta fiskedødsrate i 2020: 0,34
Venta gytebestand i 2021: 1 373 132 tonn

Standardplott