Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Lodde i Barentshavet

Lodde_HI-027799

Lodda i Barentshavet blir sjeldan over 20 cm og 50 gram.

Fotograf: Jan de Lange / Havforskningsinstituttet
Anbefalt kvote 2022
70 000
tonn
Anbefalt kvote 2021
0
tonn
Avtalt kvote 2021
0
tonn

ICES sitt råd

ICES tilrår, i tråd med forvaltingsplanen fastsett av Den norsk-russiske fiskerikommisjonen, at det kan fiskast inntil 70 000 tonn lodde i Barentshavet i 2022.

Historisk bestandsutvikling

Den modnande delen av bestanden vart funnen å vera på 1 438 000 tonn, som er høgare enn hausten 2020. Talet på 1-åringar var over langtidssnittet og talet på 2-åringar det høgaste sidan 1991. 

Bestandens tilstand

Gytebestanden er rekna til å verta om lag 424 000 tonn ved gytetidspunktet våren 2022, gitt at uttaket samsvarar med den tilrådde kvoten. 

Venta bestandsutvikling

Bakgrunn

Fangst 2022 (tonn)

Estimert gytebestand i 2022 (tonn)

P(Gytebestand 2022 < 200 000 tonn)

% endring i råd*

Forvaltingsplan

70 000

 423 751

5 %

 

* Råd for 2022 samanlikna med råd for 2021

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Bestandsvurderinga er basert på den akustiske dekninga som inngår i Økosystemtoktet. Områdedekninga i toktet var god, og ein reknar med at det aller meste av loddebestanden vart dekka. 

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori: 1
Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (Bifrost/Captool)

Nøkkeltall

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 200 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): Ikkje relevant
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSY-Btrigger): Ikkje relevant
Kritisk fiskedødsrate (Flim): Ikkje relevant
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): Ikkje relevant
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): Ikkje relevant
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): Ikkje relevant
Venta fiskedødsrate i 2021: Ikkje relevant
Venta gytebestand i 2022: 423 751 tonn (90% konfidensintervall:  200 000 tonn –  833 000 tonn)

Standardplott

    

Diagram over bestandsutvikling for lodde (fangst, rekruttering, SSB og biomasse)
Fangst, rekruttering og målt bestand om hausten for lodde i Barentshavet. Fangst i millionar tonn, rekruttering i milliardar 1-åringar, gytebestand og bestand målt om hausten i tusen tonn. Det skraverte grøne området i figurpanel 3 viser 90 % konfidensintervallet (5-95%) for estimert gytebestand.