Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Nordøstarktisk hyse


Nordaustarktisk hyse
Anbefalt kvote 2022
180 003
tonn
Anbefalt kvote 2021
232 537
tonn
Avtalt kvote 2021
232 537
tonn

ICES sitt råd

ICES tilrår, i tråd med Den norsk-russiske fiskerikommisjonen sin forvaltingsplan, at fangsten i 2022 ikkje bør overstige 180 003 tonn.

Historisk bestandsutvikling

Gytebestanden har vore større enn referansepunktet MSY-Btrigger sidan 1989. På grunn av sterke årsklasser på treårsstadiet i perioden 2007–2009 (2004–2006-årsklassane), nådde bestanden eit rekordhøgt nivå rundt 2013. Dei siste åra har gytebestanden minka, men er framleis over MSY-Btrigger. Fiskedødsraten har auka dei siste åra, og er no over målreferansepunktet Fmsy, men under føre-var-referansepunktet Fpa.

Bestandens tilstand

ICES vurderer fiskepresset til å vere over Fmsy, men under Fpa og Flim, og at bestanden har full reproduksjonskapasitet.

Venta bestandsutvikling

Bakgrunn fangst 2022
(tonn)
F 2022 SSB i 2023 (tonn) %  endring i SSB * % endring i TAC ** % endring i råd ***
Forvaltningsplan 180 003 0,35 201 485 -1,6 -23 -23

* SSB (gytebestand) i 2023 samanlikna med SSB i 2022.
** Fangst i 2022 samanlikna med TAC i 2021 (232 537 tonn).
*** Råd for 2022 samanlikna med råd for 2021 (232 537 tonn).

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Metoderevisjon gjennomført i 2020.

Saker relevant for rådet

Kvoterådet er 23% lågare enn rådet for 2021. Dette skuldast ei nedjustering av bestanden etter siste bestandsvurdering. Nedjusteringa skuldast låge toktindeksar hausten 2020 og vinteren 2021.

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori: 1
Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (SAM).

Nøkkeltall

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 50 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 80 000 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSY-Btrigger): 80 000 tonn
Kritisk fiskedødsrate (Flim): 0,77
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): 0,47
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): 0,35
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): 0,35
Venta fiskedødsrate i 2021: 0,44
Venta gytebestand i 2022: 204 751 tonn
Tilrådd kvote 2022: 180 003 tonn
Tilrådd kvote 2021: 232 537 tonn
Avtalt kvote 2021: 232 537 tonn

Standardplott

Grafer som viser standardplott
Nordaustarktisk hyse. Historisk utvikling av fangst, rekruttering, fiskedødsrate og gytebestand. For rekruttering, fiskedødsrate, og gytebestand er 95% konfidensintervall vist.