Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Nordaustarktisk hyse


hyse
Anbefalt kvote 2024
127 550
tonn
Anbefalt kvote 2023
170 067
tonn
Avtalt kvote 2023
170 067
tonn

Norsk-russisk råd

Den felles russisk-norske arbeidsgruppa for arktiske fiskeri (JRN-AFWG) tilrår at når ein følgjer forvaltingsplanen vedtatt av den norsk-russiske fiskerikommisjonen, bør fangstane i 2024 ikkje overstige 127 550 tonn.

Historisk bestandsutvikling

Gytebestanden har vore stabil dei siste åra, mens totalbestanden har minka. ICES vurderer fiskepresset til å vere nær Fmsy, men under Fpa og Flim, og at bestanden har full reproduksjonskapasitet.

Venta bestandsutvikling

Bakgrunn Fangst 2024 (tonn) F2024 SSB i 2025 (tonn) % endring i SSB* % endring i kvote** % endring i råd***
Forvaltningsplan 127 550 0,368 159 292 -16 -25 -25

* SSB (gytebestand) i 2025 samanlikna med SSB i 2024
** Fangst i 2024 samanlikna med kvote i 2023 (170 067 tonn)
*** Råd for 2024 samanlikna med råd for 2023 (170 067 tonn)
Utan avgrensinga på maksimalt 25% kvoteendring frå eit år til det neste ville rådet blitt 122 465 tonn.

Saker relevant for rådet

På grunn av at russiske forskarar er suspendert frå ICES, vart bestandsvurderinga, som i 2022, gjort av den felles russisk-norske arbeidsgruppa for arktiske fiskeri (JRN-AFWG) samansett av forskarar frå VNIRO i Russland og frå Havforskingsinstituttet. Metodikken frå siste ICES metoderevisjon vart brukt.

Ein reknar med at nedgangen i fangst og gytebestand vil halde fram i alle fall inntil 2021-årsklassen blir fullt rekruttert til fiske og gytebestand etter alder 5.

Data frå økosystemtoktet hausten 2022 vart ikkje inkludert i bestandsvurderinga på grunn av manglande geografisk dekning og at russisk sone vart dekka mykje seinare på hausten enn norsk sone.

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori: 1
Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (SAM).

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 50 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 80 000 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSY-Btrigger): 80 000 tonn
Kritisk fiskedødsrate (Flim): 0,77
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): 0,47
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): 0,35
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): 0,35
Venta fiskedødsrate i 2023: 0,377
Venta gytebestand i 2024:  189 420 tonn
Tilrådd kvote 2024: 127 550 tonn
Tilrådd kvote 2023: 170 067 tonn
Avtalt kvote 2023: 170 067 tonn

Standardplott

Nordaustarktisk hyse standardplott 2024
Nordaustarktisk hyse. Historisk utvikling av fangst, rekruttering, fiskedødsrate og gytebestand. For rekruttering, fiskedødsrate, og gytebestand er 95% konfidensintervall vist.

Les hele rådet (IMR_PINRO rapport nr. 4 2023)