Gå til hovedinnhold

Kvoteråd: Nordaustarktisk torsk


Masse skrei fanget fra bunntrålen ligger på båndet klar til sortering
Anbefalt kvote 2024
453 427
tonn
Anbefalt kvote 2023
566 784
tonn
Avtalt kvote 2023
566 784
tonn

Norsk-russisk råd

Den felles russisk-norske arbeidsgruppa for arktiske fiskeri (JRN-AFWG) tilrår at når ein følgjer forvaltingsplanen vedtatt av den norsk-russiske fiskerikommisjonen, bør fangstane i 2024 ikkje overstige 453 427 tonn.

Historisk  bestandsutvikling

Fiskepresset er  mellom Fpa og Flim og innanfor intervallet gitt i forvaltingsplanen (0.40-0.60), og gytebestanden er over Bpa og  Blim og mellom nedre og midlare knekkpunkt (SSBmgt verdiar) i forvaltingsplanen.

Venta  bestandsutvikling

Bakgrunn Fangst 2024 Grunnlag F i 2024 SSB i 2025 % i endring i SSB* % i endring i kvote** % i endring i råd***
Forvaltningsplan 453 427 Forvaltningsplan 0,54 506 615 - 17 - 20 - 20

* SSB i 2025 samanlikna med SSB i 2024
**Fangst i 2024 samanlikna med kvote i 2023
*** Råd for 2024 samanlikna med råd for 2023

Sidan gytebestanden (SSB) i 2024 er mellom Bpa = 460 000 tonn og 2 × Bpa = 920 000 tonn, blir F = 0.40 brukt i 3-års prediksjonen, som gir fangstar på 357 377, 354 196 and 355 390 tonn i hhv. 2024, 2025 and 2026. Gjennomsnittet av dette er 355 655 tonn. Ifølge forvaltingsplanen er maksimal årleg nedgang i kvoten (TAC) 20%. Dette gir ein fangst på 453 427 tonn, som tilsvarer ein F på 0,540 i 2024.

Rådet for 2024 er 20% lågare enn for 2023 på grunn av minkande bestand og avgrensinga på maksimalt 20% årleg kvoteendring.

Kvaliteten på bestandsvurderinga

Etter metoderevisjonen i 2021 har bestandsvurderingane vore relativt konsistente frå år til år, men rekrutteringsprognosene har vore for optimistiske.

Saker relevant for rådet

På grunn av at russiske forskarar er suspendert frå ICES, vart bestandsvurderinga, som i 2022, gjort av den felles russisk-norske arbeidsgruppa for arktiske fiskeri (JRN-AFWG) samansett av forskarar frå VNIRO i Russland og frå Havforskingsinstituttet. Metodikken frå siste ICES metoderevisjon vart brukt.

Data frå økosystemtoktet hausten 2022 vart ikkje inkludert i bestandsvurderinga på grunn av manglande geografisk dekning og at russisk sone vart dekka mykje seinare på hausten enn norsk sone.

Bifangst av vanleg uer og kysttorsk i fisket etter nordaust arktisk torsk bør gjerast så låg som mogleg.

Rådet i år er betydeleg lågare enn i fjor på grunn av minkande bestand som blir bekrefta av låge toktindeksar, og dessutan under middels rekruttering til bestanden.

Rekrutteringa har vore under middels etter 2014-årsklassen. Prognosene for 2025 og dei følgande åra indikerer at ein vidare 20% nedgang i fangst frå 2024 til 2025 vil bli tilrådd, og at fangstane så vil stabilisere seg rundt 350 000 tonn og at totalbestanden vil stabilisere seg rundt 1,3 millionar tonn. Imidlertid nærmar no gytebestanden seg Bpa, og under dette nivået kan rekrutteringa bli negativt påverka av for liten gytebestand. Dersom gytebestanden kjem under Bpa, så gjeld ifølge forvaltingsplanen ikkje lenger avgrensinga på maksimalt 20 % årleg endring i kvoten.

Grunnlaget for bestandsvurderinga

ICES bestandskategori: 1
Bestandsvurderingstype: Aldersstrukturert modell (SAM).

Nøkkeltal

Kritisk gytebestandsnivå (Blim): 220 000 tonn
Føre-var-gytebestandsnivå (Bpa): 460 000 tonn
Tiltaksgrense for maksimalt langtidsutbytte (MSYBtrigger): 460 000 tonn
Kritisk fiskedødsrate (Flim): 0,74
Føre-var-fiskedødsrate (Fpa): 0,40
Fiskedødsrate for maksimalt langtidsutbytte (FMSY): 0,40
Avtalt fiskedødsratenivå i forvaltingsplan (FMGT): 0,40-0,60 (nivået blir auka for høge gytebestandar i følge den gjeldande forvaltingsplanen)
Venta fiskedødsrate i 2023: 0,574
Venta gytebestand i 2024: 587 836 tonn

Standardplott

Firgur kvoteråd NØA torsk 2024
For rekruttering, F og gytebestand viser plotta konfidensintervall (95%). For denne bestanden er FMGT=FMSY og SSBMGT=MSYBtrigger=Bpa, difor fell linjene som representerer desse punkta saman på figuren. SSB: totalbestand, TSB: Bestand av 3 år gammal og eldre fisk.

Les hele rådet (IMR-PINRO rapport nr. 5.2023)