Bakterien er zoonotisk, det betyr at den kan smitte mellom menneske og dyr og gi sjukdommen listeriose. Dette kan vere ein alvorleg sjukdom for særleg utsette grupper av befolkninga: barn, svekka eldre, gravide og personar med nedsett immunforsvar.
I perioden 1977 til 2018 har vi i Noreg hatt til saman 737 kjente tilfelle av listeriose hos menneske, så langt i 2021 (per 17. september) var det det meldt inn 11 tilfelle. Ingen tilfelle hittil er knytt til konsum av kommersielt produsert fersk sjømat i Noreg. Kommersielt omsett rakfisk var derimot årsak til listeriose i 2013, 2018 og 2019, og produkta blei trekte tilbake frå marknaden.
Produkt der det er risiko for vekst av Listeria-bakteriar må oppbevarast tilstrekkeleg kjølt, og ikkje lengre enn anbefalt haldbarheitstid. God kjøkkenhygiene kan hindre at bakteriane etablerer seg på overflater som mat seinare kan komme i kontakt med. Sidan listeriose i all hovudsak rammer utsette grupper i befolkninga, er det viktig at personar i desse gruppene følger råd som myndigheitene har gitt (sjå Mattilsynet og Folkehelseinstituttet).
Havforskingsinstituttet har nasjonal referansefunksjon og utfører analyser av L. monocytogenes i norskprodusert og importerte sjømatprodukter, både frå villfangst og oppdrett.
Publisert: 17.09.2019 Oppdatert: 17.09.2021