Gå til hovedinnhold

Europeiske forskarar krev strakstiltak mot jodmangel


babyhode shutterstock

Halvparten av alle nyfødde i Europa har for lite jod i kroppen. Dei risikerer at hjernen ikkje utviklar seg som han skal. (foto: Shutterstock)

Jod-forskarar frå 27 europeiske land krev strakstiltak mot jodmangel hos barn i Europa. Halvparten av alle nyfødde står i fare for redusert utvikling av hjernen, og no går ekspertane saman og signerer eit opprop med krav om tiltak.

Lav IQ, dårlegare språkutvikling, adferdsproblem og redusert finmotorikk kan vere nokre av dei alvorlege følgjene av jodmangel hos nyfødde. Når mor får i seg for lite jod før og under svangerskapet, får ikkje fosteret tilstrekkeleg jod til at hjernen utviklar seg som han skal.

I dag signerer 27 ekspertar frå ulike europeiske land eit felles opprop der dei ber helsemyndigheitene ta grep og sikre at europeiske mødrer og barn får i seg nok av dette viktige grunnstoffet.

U-land på jod

Mange land tilset jod til salt for å hindre jodmangel, men i dei fleste europeiske landa er det frivillig å gjere dette. I Norge blir det berre tilsett jod i ein type bordsalt, og berre i små mengder. Forskinga tyder på at jod verkar best dersom ein får det i seg gjennom maten, og ikkje gjennom kosttilskot. Nettverket av jod-forskarar meiner difor at ein må tilsette jod i salt som blir brukt i matindustrien.

– Vi tenkjer at vi bur i eit I-land og får nok mat og alt vi treng av næringsstoff, men i denne samanhengen er det vi som heng etter. På verdsbasis er det anerkjent å bruke jodifisering av salt som metode, og det er vellukka dei fleste stader.

Det seier seniorforskar Lisbeth Dahl ved Havforskningsinstituttet. Ho er Norge sin nasjonale kontakt inn i Iodine Global Network.

50 prosent har jodmangel

– Det store problemet er at mor har så lite jod i kroppen at barna kan lide under det. Når vi som forskar på jod i Europa no held saman forskinga vår, ser vi ein svært alvorleg trend. Vi fryktar at halvparten av alle nyfødde i Europa ikkje vil utvikle seg like godt som dei elles ville ha gjort, på grunn av jodmangel, seier Dahl.

I det norske kosthaldet er det særleg kvitfisk, mjølk og mjølkeprodukt som gir oss jod, men vi et ikkje nok av desse matvarene til å dekkje det vi treng.

– Vi kan jo seie at alle må ete meir fisk og drikke meir mjølk, men ein skal ete betydelege mengder for at dette skal vere dine einaste jod-kjelder. Vi veit jo at ikkje alle et fisk, og ikkje alle drikk mjølk, og det må vi berre ta inn over oss. Det beste kortet vårt er saltjodering, for salt er veldig universelt, seier Dahl.

Det hastar å få på plass tiltak

Det norske ernæringsrådet ga i 2016 ut ein rapport der dei foreslo nettopp å tilsette meir jod i bordsalt og jodifisere delar av saltet som blir brukt i matproduksjon. Vitskapskomitéen har difor nyleg sett i gong eit arbeid med å vurdere dette.


– Systema er tungrodde. Det er positivt at helsemyndigheitene er meir merksame no enn før, men tidsperspektivet er litt for langt. Det er viktig at ein set i gong med tiltak fort, for det er så mange unge kvinner som har for lavt jod inntak, og dette er ei veldig viktig og sårbar tid i livet, seier Dahl.