Første makrellstørje satellittmerkt i norske farvatn

Foto_SeanTracey-Havforskningsinstituttet_HaraldTvedt-med-storje2.png

Harald Tvedt på team 14 fanga den første makrellstørja på stong i Norge. Merkeekspert Sean Tracey i bakgrunnen har kome frå University of Tasmania for å svinge merkestonga.

Fotograf: Sean Tracey / Havforskningsinstituttet

Etter ei vekes innsats frå frivillige stongfiskarar kunne forskarane endeleg sette satellittmerke i den første makrellstørja torsdag kveld.

– Dette er ein historisk dag. Eg er særs letta over at vi har sett det første merket i ei størje, sa prosjektleiar Keno Ferter torsdag kveld.

– Fangsten gir pågangsmot til både oss forskarar og stongfiskarane som hjelper oss. Og fredag får vi veldig gode forhold.

Fekk telefon heilt på tampen

HI skal sette satellittmerke på 20 makrellstørjer i vestnorske farvatn. Forskarane står for merkinga, og rundt 70 spesielt utvalde stongfiskarar står for fiskinga av verdas største tunfisk. Norges jeger- og fiskerforbund er samarbeidsorganisasjon i prosjektet som føregår Øygarden i Hordaland. 

(Les også: Skal satellittmerke 20 makrellstørjer: Leitinga er i gang)

Etter lang tids fråvær er arten tilbake i Norge, og vitskapen vil vite meir om han.

Klokka 18.28 torsdag ringde telefonen på merkebåten. Team 14 hadde napp heilt sør i Øygarden. Klokka 20.35 var størja merkt og fekk svømme vidare. Fisken var 2,4 meter, som er anslått å tilsvare 285 kilo.

Det var ein «stim» av gummiakkar dorga etter båten som lurte makrellstørja til hogg.

Ventar data om eitt år

– Makrellstørja blei merkt på ein god måte, med proffe stongfiskarar og merkeekspert Sean Tracey bak merkestonga. Vi gler oss til merket «ringer heim» med data om eitt års tid, viss alt går etter planen, seier Keno Ferter.

Merket er nemleg ein avansert «pop-up-tag» som samlar data om djup, temperatur og lysnivå. Etter eitt år slepper den taket, flyter til overflata, og sender data til forskarane via satellitt.

– Etter litt komplisert matematikk, får vi unik innsikt i reiseruta og oppførselen til den individuelle makrellstørja, forklarar Ferter.

19 makrellstørjer gjenstår altså å merke i det historiske prosjektet, som vil halde fram utover september.

På lenken under legg vi ut bilde frå fisket fortløpande. Desse kan brukast fritt mot kreditering (Navn Navnesen / Havforskningsinstituttet) Gå til bildebank.

 

OPPDATERING 3. SEPTEMBER: Vi har fått beskjed om at pop-up-tagen har sleppt taket i makrellstørja og flyt i sjøen utanfor Glesvær. Viss nokon finn eit slikt merke (sjå bildet under) er forskarane veldig interesserte i å få det igjen. 

– Merket er designa for å sleppe taket viss makrellstørja døyr. Det er det som har skjedd i dette tilfellet, og det er dessverre ein risiko i slike prosjekt, forklarar prosjektleiar Keno Ferter.

– Vi kan ikkje slå fast årsaka til at fisken er død, men vi går gjennom rutinane i prosjektet for å sjå om vi kan redusere risikoen i framtida, seier prosjektleiaren.

Den atlantiske tunfiskkommisjonen ICCAT har bidratt med dei avanserte pop-up-merka, og betaler også finnarlønn. (Foto: Keno Ferter / HI)