Skal satellittmerke 20 makrellstørjer: Leitinga er i gang

  • Photo-2018-08-24-10-39-45_0224.JPG

    Team 9 ved godt mot under fiske med agn. Frå venstre Bjørn Florø-Larsen, Asmund Aasheim, John Olav Florø-Larsen og Bjørn Stein.

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
  • Photo-2018-08-24-15-26-14_0270.JPG

    Prosjektleder Keno Ferter og merkeekspert Sean Tracey frå University of Tasmania bemannar HI sin merkebåt.

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
  • Photo-2018-08-24-12-32-04_0262.JPG

    Team 11 prøver seg på green-sticking (sjå faktaboks).

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
  • Photo-2018-08-24-11-52-46_0267.JPG

    Team 6 ved lagleiar Asgeir Alvestad var raske på posisjonen der størja var observert. Mange båtar på same plass dekker eit mindre område, men gir samtidig betre effekt av chumming (sjå faktaboks).

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet
  • Photo-2018-08-24-11-20-31_0241.JPG

    HI sin merkebåt skal vere raskt på plassen om nokon krokar ei makrellstørje.

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

– Dette er merkebåten. Team 13 har observert makrellstørje i overflata.

Slik laud meldinga på VHF-radioen etter fire timars fiske den første dagen i prosjektet. Samtidig gjorde fleire båtar i Øygarden heilomvending og flokka seg til same posisjon.

HI skal nemleg sette satellittmerke på 20 makrellstørjer i vestnorske farvatn. Forskarane står for merkinga, og rundt 70 spesielt utvalde stongfiskarar står for fiskinga av formel-1-fisken som kan bli opptil 400 kilo.

Å fange makrellstørja på stong er den mest skånsame metoden når dei enorme tunfiskane skal settast ut att.

Ferdsskrivar sender data heim

– Pop-up-merket slepper taket frå størja etter 365 dagar. Det er ein ferdsskrivar som samlar inn data om djup, temperatur og lysnivå som den sender heim via satellitt, fortel prosjektleiar Keno Ferter.

– Etter eit komplisert reiknestykke, får vi unike data om vandringa til individuelle makrellstørjer.

Verdas største tunfisk er tilbake på årleg sommarbeite i Norge, etter lang tid med fråvær som følge av internasjonalt overfiske og dårleg rekruttering. Størjebestanden betra seg kraftig etter at forvaltninga i den atlantiske tunfiskkommisjonen ICCAT tok tøffe grep for ti år sidan. 

Det er ICCAT som spanderer dei 20 satellittmerkene, mens HI gjer jobben med å få dei plassert. Merkinga vil ikkje gjere innhogg i fiskekvoten, ettersom målet er å sette ut att storfiskane i fin form. Prosjektet går inn i eit allereie betydeleg norsk forskingsbidrag på den nye gamle arten.

– Forskingsdugnad er vinn-vinn

Fredag 24. august var første fiskedag. Fem lag stongfiskarar frå fjern og nær var på plass i Øygarden utanfor Bergen. Fleire kjem til etter kvart.

Gjennom søknad har dei måtte dokumentere at dei har eigna utstyr, kompetanse og innstilling for å få vere med. Dei bidrar i rein forskingsdugnad. Norges jeger- og fiskerforbund er samarbeidsorganisasjon i prosjektet og bidrar som bindeledd mot fiskarane.

– Dette er ein vinn-vinn-situasjon. Det er ikkje lov å fange makrellstørje på stong i Norge, men desse fiskarane får lov til nettopp det gjennom å vere verktøy i forskinga. Vi er takknemlege for at dei kjem langt med båt og utstyr for å bidra. For dette krev unik kompetanse, seier Keno Ferter.

– Eit heilt liv har eg drøymt om å få moglegheit til å fiske etter makrellstørje. Eg grugleder meg vilt til dette, sa stongfiskar Asmund Aasheim like før startsskotet fredag.

Prosjektleiar Keno Ferter bemannar merkebåten saman med merkeekspert Sean Tracey frå Tasmania.

Lang helg enda i halvtime med høgspenning

For best dyrevelferd, skal dei store fiskane inn til båtripa så raskt som mogleg. Det gjer at utstyret må vere ekstra grovt. Eitt av minimumskrava i utlysinga var for eksempel ein halv kilometer fiskesnøre på snella.

Jarle Olsen fekk kontakt med stor fisk på søndag.
(Foto: Aslak Brækken / HI)

Gjennom helga har dei første laga fiska hardt og lenge med fleire ulike metodar (sjå faktaboks). Dei har gjort fleire observasjonar av makrellstørje både i overflata og på ekkolodd. Nærmast kom truleg lag 11 på søndag, som etter ein dag med dorging rapporterte til HI sin merkebåt over radioen at dei hadde napp.

Etter ein halvtimes kamp og utras på 300 meter, gjekk fisken dessverre av. Dette blei ein viktig moralboost til både stongfiskarar og forskarar i den vidare leitinga i Øygarden.

Følg prosjektet

På denne lenken legg vi ut bilde frå fisket fortløpande. Desse kan brukast fritt mot kreditering (Navn Navnesen / Havforskningsinstituttet) Gå til bildebank.

Kvar endte fiskedag sender prosjektleiar ut ein kveldsrapport frå fisket. Kontakt Keno Ferter om du ønsker å motta desse.