Samla oversikt over fiskeri i norske havområde

C:\Users\a23389\Downloads\sildegytingstokt.jpg
Fotograf: Kjartan Mæstad / Havforskingsinstituttet

Det internasjonale havforskingsrådet ICES har publisert fiskerioversyn over fire nye havområde, inkludert Barentshavet og Norskehavet.

Fiskerioversyna inneheld oppdatert informasjon om dei viktigaste fiskeria og fiskeribestandane i havområda. Det er første gong denne informasjonen er blitt samla på éin stad, ifølgje forskar Bjarte Bogstad ved Havforskingsinstituttet.

– Vi er den største fiskerinasjonen både i Norskehavet og Barentshavet, og har vore tungt involvert i utarbeidinga av dei nye rapportane, forklarer Bogstad.

Stor interesse

Rapporten om det tredje norske havområdet, Nordsjøen, kom ut første gong i 2017. Den er no oppdatert med ferske data, samstundes med at rapportane for Barentshavet og Norskehavet kom ut.

– Med publiseringa av fiskerioversyna for Barentshavet og Norskehavet er no fakta om dei største fiskeria i norske farvatn gjort lett tilgjengelege. Det er positivt for forvaltinga, og vil vera av stor interesse for alle som er opptekne av utviklinga i fiskeria, seier forskar Per Arneberg.

Fleire fiskerioversyn

Saman med rapportane for «våre» havområde kom blant anna ein rapport om havområdet rundt Island.

Til saman har ICES no publisert sju fiskerioversyn, og planen er at dei til slutt skal dekkja alle havområda i Nordaust-Atlanteren.

Les meir og last ned fiskerioversyna på nettsidene til ICES.