Fått ein sjeldan art på kroken?

C:\Users\a22905\Documents\Nyare artar i norske farvatn\Bilder\stpetersfisk.jpg

St. Petersfisk er no ein vanleg fisk i våre farvatn.

Fotograf: Øystein Paulsen / Havforskingsinstituttet

Freistar du fiskelykka i sommar, kan det hende du får noko meir uvanleg på kroken enn dorsk torsk og andre vanlege fiskeslag. Her er nokre av dei mest vanlege uvanlege fiskeslaga i våre farvatn.

St. Petersfisk

Dei siste åra er St. Petersfisk blitt ein vanleg fisk i våre farvatn. Arten er faktisk blitt så vanleg at talet på meldingar til Havforskingsinstituttet har blitt reduserte fordi folk kjenner så godt til den. Likevel blir den stadig rapportert inn av fiskarane i kystreferanseflåten, og den kjem også inn i fangststatistikken.

– St. Petersfisk blir jamleg tatt som bifangst langs kysten, og folk er no blitt klare over at det er ein god matfisk. Vi har også fått inn observasjonar av yngel, noko som kan tolkast som at arten er reproduserande hos oss, seier havforskar Otte Bjelland.

Sverdfisk

Det er ikkje ofte ein får auge på sverdfisk på våre kantar, men dei siste 20 åra har talet på sverdfisk auka kraftig langs norskekysten.

Hovudårsaka til at dei no er å sjå i Noreg er klimaendringane. HI-forskar Svein Sundby har tidlegare uttalt at det ikkje er høgare temperaturar i seg sjølv som gjer at sverdfisken kjem nordover, men den aukande temperaturen i havet har ført til større mengder pelagisk fisk, som til dømes kolmule og makrell. Desse er blant sverdfisken sine favorittar. I tillegg gjer dei varme temperaturane i havet det lettare for den spesielle jegeren å opphalde seg her.

Framand art eller sørleg art?

Ein framand art blir rekna som ein av dei mest alvorlege truslane mot både flora, fauna og det biologiske mangfaldet. Dette er artar som opphaveleg kjem frå ein annan biogeografisk region, ofte etablert lenger sør i Europa før dei kjem til Noreg. Ein sørleg art er naturlege migrantar. Desse stammar frå sør i Europa eller Dei britiske øyer, men etablerer seg i Noreg fordi klimaet er blitt meir gunstig.

Mange av dei nye artane er eksotiske for dei fleste, men fleire av dei har allereie etablert seg.

Månefisk

Månefisken er mest vanleg i sørlege farvatn, men det er blitt gjort fleire og fleire observasjonar av arten i Noreg dei siste åra.

Verdas nordlegaste observasjon av månefisk er faktisk blitt gjort i Noreg, fortel Knut Korsbrekke, forskar ved HI.

Sjølv har han nyleg vore på tokt i sørlegare farvatn, nærare bestemt i Atlanterhavet vest for Angola. Der blei det gjort funn av både vaksen månefisk, yngel og larvar av månefisk.

I norske avisoppslag er det oftast blitt rapportert om funn av døde månefisk med mange sår på ryggen. Dette kan tyde på at dei er blitt trefte av båtpropellar.

Ein månefisk på 20 kg var blant funna forskarane på Dr. Fridtjof Nansen fann på tokt i det sørlege Atlanterhavet.
Fotograf: Fabian Zimmermann/Havforskingsinstituttet

Kvifor kjem dei nordover?

Dei siste åra har vi sett at temperaturen i havet stig, og sørlege artar med høgare varmekrav følgjer med nordover når havet blir varmare.

I tillegg fører menneskelege aktivitetar som næringsverksemd, handel og turisme til at plantar og dyr får moglegheit til å overskride naturgitte barrierar mot å spreie seg. Enkelte framande artar har ikkje grunnlag for å klare seg grunna miljøet (til dømes temperatur og saltinnhald i sjøen) på den nye staden, medan andre har hatt stor effekt på sitt nye økosystem. Det kan vere problematisk å få flytta desse artane når dei først har etablert seg.

Stillehavsøsters

Sjølv om dette ikkje er eit fiskeslag, tar vi likevel med stillehavøstersen i denne oversikta. Om du ikkje får den på kroken, kan du møte den på strender langs kysten. Pass på når du går barbeint på berg og strender – stillehavsøstersen har eit sylskarpt skjel som ein lett kan kutte seg på!

Ver nøye med å rydde vekk stillehavsøsters på badeområde og andre stadar kor folk ferdast. Det er behov for godt, norsk dugnadsarbeid! oppfordrar Stein Mortensen, eksperten vår på feltet.

Stillehavsøstersen er robust, raskveksande og tilpassingsdyktig, og for tolv år sidan starta den invasjonen av kysten vår. I dag er den permanent etablert frå svenskegrensa til Hordaland, og den kan ikkje utryddast. I område med høg tettleik kan den danne «rev», noko som vil endre det naturlege habitatet. Stillehavsøstersen blir derfor sett på som ein art med «høg økologisk risiko».

Konkurranse med blåskjel og europeisk flatøsters blir rekna som dei største truslane, forklarar forskaren.

Det er likevel ingenting som seier at stillehavsøstersen er ein årsak til nedgangen i blåskjelbestanden i Noreg.

Det mest negative med stillehavsøstersen i dag, er korleis den øydelegg badestrendene våre, legg han til.

Sjølv om stillehavsøstersen ikkje er velkomen her, blir den sett på som ein delikatesse som kan haustast, seljast og etast. Ver likevel forsiktig med å ete stillehavsøsters dersom du finn arten langs kysten vår. Dei kan nemleg innehalde norovirus og bakteriar som kan resultere i oppkast og diaré. Det er Mattilsynet som har ansvar for rådgjeving knytt til sjømat. Dei har blåskjelvarselet, men det finst ikkje noko tilsvarande for østers. Sjå Matportalen.no for å lese deira vurdering av stillehavsøstersen.

Ein kan finne stillehavsøsters i fjæra frå svenskegrensa til Hordaland.
Fotograf: Espen Bierud / Havforskingsinstituttet
Stillehavsøsters (Crassosstrea gigas) til venstre og flatøsters (Ostrea edulis) til høgre. 
Fotograf: Torjan Bodvin / Havforskingsinstituttet

Mulle

Mulle er ein sørleg fiskeart som er i ferd med å etablere seg i våre farvatn. Siste melding om fangst av denne sjeldne arten kom inn tidlegare i juli, noko som er ganske typisk for denne årstida frå Rogaland og Sunnhordland. Det er likevel ikkje mogleg ut ifrå rapportane å slå fast at det er ei auke i Noreg. Forskar Otte Bjelland kan fortelje at det også er kome inn observasjonar av mulle-yngel, noko han synes er svært interessant.

Er arten no reproduserande i norske farvatn? undrar han seg.

Mulle på målebrettet.
Fotograf: Otte Bjelland / Havforskingsinstituttet

Makrellstørje

Sjølv om sjansane er større for at du vinn i lotto, kan det hende at makrellstørja bit på kroken. Makrellstørja – eller tunfisk – er den mest ikoniske fiskearten på den blå planeten vår. Den er også verdt si vekt i gull eller diamantar på den internasjonale fiskemarknaden. Størja kan svømme 70 km i timen, krysse Atlanterhavet på 50 dagar og dykke ned til 1000 meters djup. Det er ikkje rart den blir kalla havets formel-1-fisk.

At den no er tilbake i Noreg blir sett på som eit mirakel. Årsaka til at den var så lenge vekke er i hovudsak overfiske. Ei rekkje internasjonale tiltak blei innført, blant anna reduserte kvoter, auka minstemål og strengare kontrollar av fiskebåtane.

Bestanden har vakse etter at forvaltinga tok tøffe grep for ti år sidan. Størja treng dermed større jaktmarker, fortel Leif Nøttestad.

Det er særleg når makrellstørja jaktar ungmakrell langs kysten, at ein kan bli vitne til eit reint bonanza.

Størja er ein toppredator som kan jakte det meste. Men når spruten står i overflata, er det ungmakrell ho jagar, fortel forskaren.

I 2019 er det åtte båtar som har fått lov å delta i makrellstørjefisket i Noreg.

Makrellstørja – den mest ikoniske fiskearten på planeten.
Fotograf: Iñigo Onandia

Meir utbreidd eller fleire rapportar?

Rapportar om nye artar er generelt sett aukande. Ifølgje forskar Otte Bjelland på Fiskeridynamikk, kan det verke som at fiskarar, dykkarar, fiskemottak, lokalaviser og andre er blitt flinkare til å rapportere inn funn.

– Det som er vanskeleg å tolke ut ifrå rapportane er om artane er meir utbreidd no, eller om folk faktisk er blitt flinkare til å rapportere inn observasjonane sine, seier Otte.

Japansk invasjon

Dei fleste introduserte makroalgar stammar frå Stillehavet. Ein av desse er den eksotiske raudalgen Heterosiphonia japonica som truleg har kome til norskekysten med ballastvatn eller anna skipstrafikk for over 20 år sidan. I dag er denne raudalgen ein av dei vanlegaste makroalgeartane langs kysten på Vestlandet. Algen er ein sterk konkurrent til våre vanlege algeartar, noko som kan føre til at lokale artar blir reduserte, og i verste fall forsvinn frå våre område.

Ein annan skummel japanar er algearten japansk drivtang. Denne arten likar seg godt i varme område, så det er lite truleg at den vil spreie seg lenger nordover enn til Helgelandskysten. Ein finn heller ikkje arten langt inne i fjordar med mykje brakkvatn.

På seinsommaren og hausten mister japansk drivtang greinene sine. Sidan greinene har flyteblærer kan desse drive langt av stad og spreie seg. Arten kan etablere seg i svært tette bestandar, og vil på den måten fortrenge eller skygge ut andre algar (som til dømes sukkertare). Om vinteren legg greinene seg på havbotn og rotnar, noko som vil skape oksygenmangel og påverke samfunnet ved at algar og dyr døyr.

Dei to japanske strandkrabbane Hemigrapsus takanoi og Hemigrapsus sanguineus er også på veg mot Noreg. Artane har vist rask spreiing i utlandet, men det er usikkert når dei kjem til Noreg, sidan dei likar seg best i varme område. Du treng derfor ikkje bekymre seg for å bli klypt i storetåa når du går i fjæra heilt enda.

Ein skummel japanar – algearten japansk drivtang.
Fotograf: Øystein Paulsen / Havforskingsinstituttet

Er våre vanlege artar trua?

– Mange av dei sørlege artane er predatorar. Dei konkurrerer og beiter på våre meir vanlege artar, seier forskar Otte Bjelland.

Det har til dømes vore ei auke i førekomsten av lysing, og i perioden 2007–2016 er fangsten i Noreg blitt meir enn femdobla. Dette er ein fisk som berre var vanleg lenger sør, men som no ofte blir fanga utanfor Vestlandet, spesielt i sommar- og haustmånadane. Lysingen (også kalla svartkjeft eller kolkjeft) er ein rovfisk som har ei rekkje fiskeartar på menyen, både pelagiske- og torskefiskar. I tillegg konkurrerer den med sei og lyr.

– Ein kan tenke seg at lysing kan påverke andre artar negativt, seier Bjelland.

Kva gjer du dersom du får ein sjeldan art på kroken?

Det er viktig både med vitskapleg kartlegging og meldingar frå fiskarar og andre som er på sjøen.

– Dersom det blir meir vanleg å få sverdfisk eller St. Petersfisk på kroken, kan vi risikere at færre rapporterer om fangsten. Vi kan då risikere at nye artar breier seg utan at vi får dokumentert det, forklarar forskar Svein Sundby.

Mange av dei nye artane som kjem til Noreg likar seg spesielt godt her om sommaren. Send oss gjerne ei melding dersom du skulle treffe på nokre av desse.