Har sjekka 133 prøver av fiskefôr og ingrediensar

Helge Skodvin.jpg

Fiskefôr består av ingrediensar frå sjø og land.

Fotograf: Helge Skodvin / Havforskningsinstituttet

I den årlege fôr-undersøkinga var det ingen uønskte stoff over grensenivå, men funn av bakteriar, sprøytemidlar og muggsoppgift.

– Når det gjeld miljøgifter og andre uønskte stoff med fastsette grenseverdiar, var dei undersøkte fiskefôra innafor reglane, seier forskar Veronika Sele om funna i den nye rapporten.

Kvart år analyserer HI norsk fiskefôr og fôringrediensar for Mattilsynet. Vi undersøker om oppdrettsfisk får i seg stoff som kan bli med til fiskedisken, og på den andre sida om fisken får det han treng for å ha god velferd.

I 2018 analyserte vi totalt 133 prøver. Prøvene er av ferdig fôr, fiskemjøl, planteingrediensar, fiskeolje og vitaminblandingar.

Mugg i mais

Forskarane fann mykotoksin, eller muggsoppgifter, i to prøver av maismjøl. Fleire av fôrprøvane inneheldt muggsoppgifta enniatin. Det er ingen grenseverdi for dette.

– Det er nødvendig å finne ut meir om korleis slike muggsoppgifter påverkar fisk, og i kva grad dei blir overført frå fôr til fiskefilet. Vi har eit prosjekt som undersøker dette, seier Sele.

Muggsoppgifta aflatoxin er kjent som kreftframkallande og har ein fastsett grenseverdi. Forskarane fann aflatoxin i to prøver, men under grenseverdien.

Såg bakteriar i tre prøver

Analysane viste Salmonella i eitt fôr og andre tarmbakteriar i eitt fiskemjøl og eitt plantemjøl.

– Dette er ikkje overførbart til folk via fisken, men seier noko om dei hygieniske forholda der fôret blir laga, seier forskaren.

– Bakteriefunna i årets rapport viser at vi bør følge opp med fleire analyser i framtida, fortset ho.

Testa planteingrediensane for sprøytemidlar

Fiskefôr er stadig meir plantebaserte enn tidlegare. Fôret inneheld blant anna soya, mais og kveite. Derfor har forskarane også begynt å teste for restar av sprøytemiddel.

For første gong fann forskarane sprøytemiddelet malathion i fleire planteoljer.

– Og vi finn klorpyrifos-metyl og pirimifos-metyl i fleire av dei undersøkte fôra. Vi er i gang med å undersøke effektane av desse stoffa på fisken, seier Veronika Sele.

Forskarane har vist at dei to sistnemnde sprøytemidla kan påverke nervesystemet og forbrenninga til laksen negativt.

Laksen kan ha godt av meir B-vitamin

Når det gjeld spørsmålet om laksen får alt han treng av viktige næringsstoff, såg det stort sett greitt ut.

– Vi ser litt låge nivå for B-vitamin, særleg folat og cobalamin. Desse treng laksen for å ha optimal helse, seier Veronika Sele.

Gå til vitenskapelig rapport