Gå til hovedinnhold

Færre rømlingar i laksefella i Etneelva


Laksefella i Etneelva

I fjor var talet rømte oppdrettslaksar det lågaste som har vore registrert sidan fella vart sett opp i 2013.

Rømt laks vert rekna som ei av dei største miljøutfordringane til norsk oppdrettsnæring. Rømt laks som gyt kan overføra arveanlegg som reduserer villaksen si evne til overleving. Dette kan redusera produksjonen av villaks. 

Eit av måla med feltplattforma i Etne var å fjerna mest muleg rømt fisk frå vassdraget, som er eit av dei viktigaste laksevassdraga på vestlandet. Fella fangar så godt som alle rømlingar som går opp i elva for å gyta, og gir eit av dei mest nøyaktige datasetta i Europa på mengda rømt og vill laks.

Færre «feil» fisk enn før

No har forskarane summert opp funna frå fjoråret i ein fersk rapport. Den fortel blant anna:

  • 53 rømte oppdrettslaks vart registrerte i laksefella i 2019.
  • Det er ein nedgang frå 81 i 2018, 75 i 2017, 126 i 2016,  og 192 i 2015, som var «toppåret».
  • I alt 1288 laksar gjekk i fella i 2019. 4,1 prosent av desse var rømt laks.

Villaks og sjøaure får passera forbi fella etter avlevert ID-prøve. Oppdrettslaksen blir avliva.

Arbeidet med å ta ut rømt fisk er støtta av Oppdrettsnæringens sammenslutning for utfisking av rømt oppdrettsfisk (OURO).

Betre tal med heildekkande felle

– Ein styrke med registreringar i heildekkande feller som i Etneelva er at ein får ikkje berre eit estimat for prosentdel rømt fisk, men eit tal for absolutt mengde. Dette medfører at ein får eit betre talgrunnlag for å analysera variasjonar mellom år og årsaker til desse. Samtidig kan ein i slike heildekkande feller fjerna den rømte fisken, forklarer forskar Øystein Skaala.

For å kontrollera effektiviteten av fella, har ein nytta fleire metodar, mellom anna tar dykkarar frå NORCE prøvar oppstraums frå elva. Dei fann i fjor seks rømte oppdrettsfisk, noko som gir ein fangsteffektiviteten på om lag 90 prosent.

Dette var noko lågare enn tidlegare år. Årsaka er delvis knytt til slitasje på flyteristene.

Oppgraderer med nytt og betre

– Det gamle utstyret  har fungert over all forventning gjennom sju sesongar, men skal no skiftast, fortel Skaala.

Fella vart sett i drift for årets sesong rett over påske, då med dei «gamle» ristene. Nye rister skal etter planen installerast i løpet av sommaren.

Også videokameraet som har sendt direkte frå elva til internett har blitt modent for utskifting sidan sist sesong. Nytt kamera for livestreaming blir installert i desse dagar.

– Det skal gje langt betre bilde, til glede for mange, lovar Skaala.

Livestreamen blir tilgjengeleg på denne sida (lenke).

Tar i bruk maskinlæring

Sist, men ikkje minst på oppgraderingsfronten har instituttet investert i eit superavansert stereokamera til feltplattforma i Etneelva.

– Dette er første steg i arbeidet med å ta i bruk maskinlæring for sortering av fisk og estimering av lengde og vekt. I praksis er dette ein fototunell som skal danna grunnlag for utvikling av automatisk registrering, der all oppvandrande fisk tar «selfie» for identifisering av opphav, og estimering av lengde og vekt, seier prosjektleiar Øystein Skaala.

Referanse

Øystein Skaala, Per Tommy Fjeldheim, Kaja Christine Andersen og Kevin Glover (2020). «Rømt og vill fisk i Etneelva 2019 – resultat frå den nasjonale feltplattforma». Rapport fra Havforskningen 2020-10 (lenke).