Gå til hovedinnhold

Labforsøk: Små mengder lusemiddel drap dyreplankton


raudåte   terje van der meeren

Raudåte utgjer hovudmengden av dyreplankton i Norskehavet.

Fotograf: Terje van der Meeren / Havforskningsinstituttet

Raudåte kan døy av små konsentrasjonar av lusemiddelet hydrogenperoksid.

Og overlevande kan bli ute av stand til å stikke frå fare. Det kjem fram i ein ny vitskapleg artikkel.

– Raudåta er viktig føde for småfisk langs kysten der oppdrettsanlegga ligg. Den formeirar seg om våren, når bruken av lusemiddel er på topp. Derfor må vi vite om den kan ta skade av hydrogenperoksid, seier doktorgradsstipendiat Rosa Escobar-Lux.

Dødeleg dagen derpå

Første mål var å finne dei minste dødelege dosane. Forskarane bada raudåte i vatn med ulike konsentrasjonar hydrogenperoksid i éin time. Etter 24 timar i reint vatn, såg dei på utfallet.

– Eit bad med ti prosent av den anbefalte avlusingsdosen for laks drap all vaksen raudåte, seier Escobar-Lux.

Ein konsentrasjon på 1,8 prosent drap halvparten av dei. Dette punktet kallar forskarane LC-50 – dosen som drep halvparten av forsøksdyra.

Ung raudåte tolte meir

Ung raudåte viste seg å vere noko meir robust. 4,5 prosent av avlusingsdosen måtte til før halvparten var daude dagen derpå.

– Ved avlusing i oppdrettsanlegg er hydrogenperoksid mindre effektivt på ung lakselus. Det er derfor vi også testa på ung versus vaksen raudåte, forklarer doktokgradsstipendiaten.

Sjå alle resultata i den vitskaplege artikkelen.

Er ein bit av det store bildet

I sjøen vil lusemiddelet stadig bli tynna ut med avstand frå utsleppspunktet. Straumforhold avgjer kor fort det går.

– Kva fortel funna frå laboratoriet om realitetane ute i naturen?

– Denne forskinga fortel ikkje om vi kjem til å finne slike konsentrasjonar av hydrogenperoksid utanfor ein merd. Den fortel at dersom det skjer, vil raudåte i området kunne ta skade av det, seier Escobar-Lux.

Fekk dei varige men?

Forskarane ville også finne ut korleis det går med individa som overlever. Går det heilt greit, eller får dei varige men? Dei testa raudåta sin fluktrespons.

Raudåta kan nemleg sprette unna i eit hurtig byks når den kjenner ein uventa turbulens i vatnet. Som når ein fiskekjeft opnar seg.

Med ein liten, målretta vannstraum laga forskarane ein tilsvarande turbulens. Dei filma reaksjonane til vanleg raudåte, og raudåte som var eksponert for lusemiddelet.

Her spretter raudåta unna turbulensen frå det svarte røyret i sakte film. Raudåte blir også kalla hoppekreps.

Slutta å stikke av frå kunstig fiskekjeft

– Ung raudåte som overlevde eit bad med fem prosent av avlusingsdosen, byksa ikkje unna «fiskekjeften». Dei låg for det meste i ro på botnen av karet, seier Escobar Lux.

– Hydrogenperoksid kan med andre ord auke risikoen for at dei overlevande blir etne.

Referanse

Escobar-Lux, Rosa H., David M. Fields, Howard I. Browman, Steven D. Shema, Reidun M. Bjelland, Ann-Lisbeth Agnalt, Anne Berit Skiftesvik, Ole B. Samuelsen, and Caroline MF Durif. "The effects of hydrogen peroxide on mortality, escape response, and oxygen consumption of Calanus spp." FACETS 4, no. 1 (2019): 626-637. LENKE: https://doi.org/10.1139/facets-2019-0011

Forskar vidare på spreiing i naturen

For å kunne seie noko om kva konsentrasjonar dyr i naturen står i fare for å bli utsett for, utviklar andre HI-forskarar metodar for å simulere spreiing av behandlingsmidlar i miljøet.

– Ein konsentrasjon på 1,8 prosent av behandlingsdose vil du kunne finne fleire kilometer nedstraums frå eit utsleppspunkt, ifølge våre modellar. Det vil vere ulikt frå plass til plass, avhengig av lokale forhold.

Det seier HI-matematikar Pål Næverlid Sævik.

På utsleppspunktet, for eksempel i ein merd, kan det i teorien gå timar før konsentrasjonen fell under 1 prosent. I randsona skjer fortynninga mykje raskare.

– Men om du skal relatere dette til raudåte, må du også simulere korleis den flyt og svømmer i same område. Så må du sjå om spreiingane overlappar og kor lenge. Dette har vi ikkje gjort, men vi jobbar med saka, seier han.

Meir fortynna ved bruk av brønnbåt

Det er stor skilnad på behandling i ein merd, og i ein brønnbåt som laksen blir tatt om bord i. I brønnbåten skjer avlusinga i ein tank, før den slepper ut «badevatnet» over ein avstand på 2-3 kilometer.

– Hydrogenperoksiden vil då bli langt raskare fortynna og mindre farleg. Samtidig er behandling i brønnbåt ei større påkjenning for laksen enn behandling i merd, seier Sævik.

For å teste treffsikkerheita i modellane, har forskarane også planar om å måle hydrogenperoksid-konsentrasjonar i sjøen med feltforsøk.