Gå til hovedinnhold

Fangstlotteri for alle pengane


HI 038826

Jostein Røttingen har fått inn sildeprøvar på fiskelaben på HI. Foto: Erlend A. Lorentzen/HI

Gjestekommentar i Fiskeribladet 22.1.2020: For to år sidan byrja HI å bestilla prøvar direkte frå fangstane som vart rapportert inn via elektronisk fangstdagbok gjennom «Sildelotteriet», og no utvidar me ordninga. 

Havforskingsinstituttet (HI) tek kvart år hundrevis av prøvar frå den kommersielle fangsten av våre viktigaste fiskeartar til bruk i kvoterådgjevinga. 

Hovudføremålet er å få gode data på den landa fangsten, for å berekna kor mange individ fiskeria tek ut av bestanden, og kva årsklassar det vert fiska på.

Den sentrale føresetnaden er at fangstane vi tek prøver frå er representative for fiskeria.

For å få til ein effektiv og mest mogleg representativ innhenting av prøvar starta HI for to år sidan å bestille prøver direkte frå innrapporterte fangstar i «Sildelotteriet». 

I fjor utvida vi lotteriet med kolmule. I år utvidar me igjen, slik at det no gjeld for sild, kolmule, makrell, brisling og øyepål. 

Ynskjer 100 % deltaking i lotteriet

Ei annan viktig endring i år er at me ikkje lenger samlar inn tilleggsprøvar frå pelagiske fangstar.

Det betyr at me må få inn alle prøvane me treng gjennom fangstprøvelotteriet. Dette er ei utfordring av di det framleis er for låg deltaking i fangstprøvelotteriet. 

Den låge deltakinga er samansett. Nokre av fartøya har ikkje installert fangstdagboksystem som kan brukast i fangstlotteriet.

Men hovudutfordringa er at fartøy vel å ikkje vera med i lotteriet. HI ynskjer 100 % deltaking frå fartøy.

Difor jobbar me for at lotteriet skal fungere på alle fartøy, og at alle sender inn prøvane som blir bestilt gjennom lotteriet.

Det er og svært viktig at mottaksanlegga som tek i mot prøvane frå fiskefartøya tek vare på desse og sender dei vidare til HI, slik at dei kan verta opparbeidd fortløpande.

Liten innsats, stor verdi 

Fangstprøvelotteriet er eit unikt system for innhenting av fangstprøvar.

Ein modifikasjon av programvara for elektronisk fangstdagbok om bord (utført av leverandørane av fangstdagbok) og tilpassingar av programvare ved Fiskeridirektoratet og ved HI, gjer det mogleg å utføre loddtrekkinga på fiskefartøyet rett etter at fangsten er teken om bord. 

Arbeidet som må gjerast ved kvart kast/hal er minimalt. Det held å setja til sides 15–20 kg av den aktuelle arten i ein stamp til svaret frå loddtrekkinga kjem nokre minutt etter at fangsten er meldt inn.

Loddtrekkinga skjer via den elektroniske fangstdagboka og gjev ikkje mykje ekstraarbeid om bord. 

Dei aller fleste fangstar som går inn i lotteriet får «nei» til svar, fordi vi berre treng prøvar frå ganske få, men tilfeldig utvalde fangstar.

Det er likevel avgjerande at alle fartøy deltek, slik at vi sikrar at prøvane er mest mogleg representative for fiskeria. 

Norsk lotteri ut i verda? 

Erfaringane frå det norske fangstprøvelotteriet vekkjer internasjonal interesse og me ser ikkje vekk frå at det kan bli eksportert til andre fiskerinasjonar.

Vi har heile vegen vore opne om metodane våre. Noreg sit i førarsetet her, og det er fullt mogleg å oppskalera systemet slik at det kan bli felles for heile fiskeriet i Nordaust-Atlanteren. 

Men utfordringa no er altså å få alle med i fangstprøvelotteriet her heime. Vi oppfordrar difor alle som set kursen mot fiskefelta om å seie ja til lotteriet og bidra til denne fellesdugnaden. 

Gevinsten kjem ikkje med ein gong, men over tid vil gode prøver frå fiskeria gje oss betre råd om kor mykje vi kan fiska.