Gå til hovedinnhold

Rår frå seismikk i nytt område av omsyn til blålange


HI 005162

Seismikkfartøyet «Geo Pacific» på oppdrag for HI utanfor Vesterålen sommeren 2009.

Fotograf: Kjartan Mæstad / Havforskingsinstituttet

Seismikkskyting under oljeleiting kan forstyrra kommunikasjonen til fisk og kval. No har havforskarane oppdatert sine råd om menneskeskapt støy i havet for 2020.

Havforskingsinstituttet (HI) gir kvart år råd til myndigheitene om å unngå seismikk og anna bråk i område der det kan forstyrra gytande fisk eller beitande kval. Målet er å beskytta viktige bestandar i havet.

– Basert på ny kunnskap er det i år tatt med ein ny art: blålange, seier forskar Tonje Nesse Forland, som har stått for oppdateringa av rapporten. (Les rapporten her.)

Raudlista blålange

Blålange gyter om forsommaren i eit område utanfor Mørekysten. Her rår havforskarane no frå seismikk i perioden 16. mai–15. juni.

Overfiske av blålange førte til at bestanden kollapsa på 1990-talet. I 2006 kom arten med på Norsk raudliste for artar, og i 2009 vart det innført forbod mot blålangefiske og makstak for bifangst.

– Sidan det ikkje er noko teikn til gjenoppbygging av blålangebestanden med dagens tiltak, bør det setjast inn ytterlegare tiltak. Difor er no det mest sikre gyteområdet og gyteperioden tatt med i rapporten, seier forskarane.

Blålange
Blålange ved havbotnen. Foto: Mareano / Havforskingsinstituttet

Finnkval funnen lenger sør

Ei anna endring frå i fjor er i beiteområdet for kval rundt Bjørnøya i Barentshavet. Dette er eit viktig beiteområde for bardekvalar, spesielt knølkval. Ny kunnskap frå kvalteljetoktet i 2019 har vist at området også er viktig for bestanden av finnkval, som har flytta seg lenger sør.

– Området der vi rår frå seismikk er difor blitt trekt litt sørover, og overlappar no med nokre område der det er opna for oljeleiting rundt Bjørnøya, seier Tonje Nesse Forland.

Basert på oppdatert forsking har rapporten også tatt med ei ny gytevandringsrute for lodde i Barentshavet.

Finnkval observert ved Svalbard. Foto: Jon S. Rønning / Havforskningsinstituttet

Forsking som grunnlag for råd

Havforskingsinstituttet har lenge gitt råd til Oljedirektoratet om korleis økosystem i havet blir påverka av seismikk. I 2019 samla havforskarane den tilgjengelege kunnskapen om miljøeffektar av seismikk og annan menneskeskapt støy i ein rapport som forklarer grunnlaget for rådgivinga.

Det er denne rapporten som no er oppdatert med ny kunnskap og råd for 2020.

– Både fisk og sjøpattedyr har godt utvikla høyrsel. Dei brukar han til å finne mat, partnar eller oppdage fiendar. Ulike dyr har ulik risiko for å bli påverka av bråk, og til visse tider kan skaden vere større, forklarte forskar Lise Doksæter Sivle då rapporten vart presentert i fjor.

Les meir i saka frå 2019: Dette veit vi om effektane av seismikk på livet i havet

Referanse

Sivle, Lise Doksæter, Forland, Tonje Nesse, Nyqvist, Daniel, de Jong, Karen, Grimsbø, Endre, Kutti, Tina. 2020. Havforskningsinstituttets rådgivning for menneskeskapt støy i havet: seismikk, elektromagnetiske undersøkelser og undersjøiske sprengninger – Kunnskapsgrunnlag, vurderinger og råd for 2020. Rapport fra Havforskningen 2020–1.