Gå til hovedinnhold

Har risikovurdert lakselus


Lakselusteling

Havforskingsinstituttet overvakar mengda lakselus på vill laksefisk.

Fotograf: Agnes Marie Mohn / Havforskingsinstituttet

- Risikorapporten for lakselus seier noko om korleis risikobildet for villaksen kan bli i dei ulike områda langs kysten dersom lakselus-situasjonen blir om lag som den har vore dei siste åra, seier forskingsdirektør Geir Lasse Taranger.

I årets risikorapport er tidsseriane som Havforskingsinstituttet har på lakselus analysert slik at forskarane har hatt ei stor mengde data å ta omsyn til. Dette er deler av datagrunnlaget som skal inngå i Trafikklysvurderinga seinare i år.

- Vi har inkludert data frå 2012 til 2019 frå heile kysten. Rapporten inneheld oppdatert kunnskapsstatus og ein unik tidsserie som viser mengda lus langs kysten vår og korleis vill laksefisk kan ha blitt påverka i desse åra, seier Ellen Sofie Grefsrud som er hovudredaktør for den nye rapporten.

Ser på alle faktorane som påverkar

- Formålet med risikorapporten er å gi innsikt i samspelet mellom ulike faktorar og mekanismar som påverkar risikobildet for negative effektar av lakselus på villaksen, seier Taranger.

Faktorar som temperatur, salthaldigheit, straum og mengde lus på oppdrettsfisk påverkar kvarandre, og dermed og kor mykje lakselus det er.

- Det er svært viktig å ha nok kunnskap både om dei ulike faktorane og kva rolle dei spelar for å kunne forstå kva effekt dei har, seier han.

Risikobildet i dei ulike produksjonsområda

Samspelet mellom dei ulike risikofaktorane som utslepp av lus, tid for smoltutvandring frå elvane, vasstraum, temperatur og saltholdighet varierer mellom dei 13 produksjonsområda (PO) kysten er delt inn i.

- Dei totale utsleppa av lus og tidspunkt for utsleppa i forhold til smoltutvandringa påverkar i stor grad smittepresset smolten blir utsett for. Desse faktorane varierer frå år til år, forklarar Grefsrud.

Desse variasjonane gjer det vanskeleg å føreseie utviklinga framover, men forskarane har likevel gjort eit forsøk basert på samla data frå perioden 2012-2019:

Risikoen for negativ påverknad på villaksen dei neste åra er høgast i PO3, 4 og 5 (frå Karmøy til Hustadvika), det er moderat risiko i PO2 (Ryfylke), PO7 (Nord-Trøndelag med Bindal) og PO10 (Andøya til Senja), medan risikoen er vurdert som låg i PO1 (Svenskegrensen til Jæren), PO6 (Nord-Møre og Sør-Trøndelag, PO8 og PO9 (Helgeland-Vesterålen), og PO11, 12 og 13 (Kvaløya-Øst-Finnmark).

- Samstundes kan det vere stor variasjon i risiko innan produksjonsområda, der smittepresset kan vere særleg høgt for fisk som vandrar ut frå elvane innerst i fjordane, seier Grefsrud.

Både lang utvandringstid og periodar med sterk straum innover i fjorden gjer smolten meir utsett for høgare smittepress enn smolten som meir eller mindre vandrar rett til havs og i liten grad blir utsett for smitte av lakselus.

- Vi ser også at kunnskapsstyrken mellom dei ulike risikofaktorane og områda varierer. Dette er visualisert i figurar som viser risikobildet og kunnskapsstyrke for kvart produksjonsområde, seier Grefsrud.

Gir viktig kunnskapsgrunnlag

Til hausten skal ekspertgruppa som vurderer kva effekt lakselus har på villaks i samband med Trafikklyssystemet gjere nye vurderingar basert på overvakingsdata frå 2020. I dette arbeidet kan den nye risikorapporten saman med kunnskapsstatusen bli ein viktig brikke.

- Desse rapportane inneheld både ei grundig analyse over eksisterande data og ein peikepinn på korleis utviklinga kan bli framover om ikkje noko endrar seg, seier Taranger.

- Ekspertgruppa skal gjere ei analyse av situasjonen slik den er i år, då vil risikorapporten vere ei viktig kjelde når det gjeld kunnskapsstatus og trendar i tidsseriane for å kunne vurdere statusen med tanke på påverknad frå lus på villaksen i kvart produksjonsområde, avsluttar han.

Referanse:

Risikorapport norsk fiskeoppdrett 2020 — Risiko knyttet til dødelighet hos utvandrende postsmolt laks som følge av utslipp av lakselus fra fiskeoppdrett
Fisken og havet 2020-4

Kunnskapsstatus lakselus 2020 — Effekt av lakselus på vill laksefisk (2010-2019)
Rapport fra Havforskningen 2020-23