Gå til hovedinnhold

Ålane kjem først i puberteten som nittenåringar


HI 037045

Den europeiske ålen gyter på andre sida av atlanteren. Yngelen søker seg mot bekker og kystområde i Europa.

Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Nye analyser av gammalt materiale betyr at norske ålar blir dobbelt så gamle som trudd.

På eit tidspunkt i livet kjenner dei europeiske ålane ei brusing i kroppen. Dei startar ei rekke fysiske forandringar frå det forskarane kallar gulål til blankål. Ålane blir klare for å vandre ut av bekkene og elvane dei har vakse opp i, for å ta fatt på ei lang og ferd mot Sargassohavet. Der, på den andre sida av Atlanterhavet, skal dei gyte.

Men i elva Imsa i Rogaland blir ålane fanga på veg ut i sjøen. Det har dei blitt sidan 1975, for å gi kunnskap om bestanden. (Sjå faktaboks om fiskefella i Imsa.)

Fann også pubertale 30-åringar

På slutten av 80-talet blei fleire tusen av desse ålane aldersbestemt, og kunnskapen har blitt ståande som fasit. Fram til no.

– Metoden frå den gongen viste at ålane var 8-10 år ved utvandring. Men forskarane var klar over at alderen truleg var høgare, forklarar havforskar Caroline Durif.

Og ganske sant. Nye analyser som Durif og kollegaane har gjort av 800 av dei same ålane, viser at dei i snitt var dobbelt så gamle.

– Gjennomsnittsålene var 19 år då dei vandra ut for å gjere seg klar til å gyte. Enkelte av dei var så gamle som 30, seier ho.

Forskar Caroline Durif med ål som truleg er rundt 30 år, ut frå det vi veit om storleik og vekst.

Ny metode er meir treffsikker

Det er ved hjelp av øyresteinar frå skallen til ålen at forskarane kan tolke alderen. Øyresteinane har nemleg årringar.

– På 80-talet blei øyresteinane lagt på sprit og studerte i mikroskop. Då framstår årringane som riller, forklarar havforskaren.

– Det er kjapt og enkelt, men har stort rom for feil. Øyresteinane er ujamne med mange kromelurar, særleg hos eldre fisk.

No har Durif og kollegaane slipt ned 800 av øyresteinane til tverrsnitt og sett dei inn med eit spesielt fargestoff. Då ser dei slik ut:

Tverrsnittet av øyresteinen gir eit meir påliteleg resultat.

Årringane er då langt enklare å telje.

– I tillegg har vi laga ein indeks som seier kor sikre vi er på kvar tolking. Så kan vi vekte ned usikre tolkningar, seier Durif.

Lengre generasjonstid kan bety at ålen har det verre

«Alderssjokket» kan få konsekvensar for bildet vårt av den felles europeiske ålebestanden. Det har vore harde kår for ålen sidan 80-talet, då tilveksten av nye ålar tok til å svikte.

– Dei nye resultata betyr at ei generasjonstid er mykje lengre enn vi har trudd.

I 2014 blei ålen vurdert som «sårbar» og ikkje lenger «kritisk truga» på den norske raudlista.

– Det er fordi det har gått litt betre med bestanden. Men den «betre» raudlistestatusen er basert på blant anna kunnskap om kor mange generasjonar det har gått betre, seier Caroline Durif.

– Når vi no veit at ålen har ei lengre generasjonstid, kan det føre til at vi må revurdere ålen sin situasjon.

Forskinga er eit samarbeid med Norsk institutt for naturforsking.

Referanse

Durif, Caroline MF, Ola H. Diserud, Odd Terje Sandlund, Eva B. Thorstad, Russell Poole, Knut Bergesen, Rosa H. Escobar‐Lux, Steven Shema, and Leif Asbjørn Vøllestad. "Age of European silver eels during a period of declining abundance in Norway." Ecology and Evolution (2020). Lenke: https://doi.org/10.1002/ece3.6234