Slik blir kvoterådgivinga framover

C:\Users\marie\Downloads\HI-000646.jpg

Kvart år får styresmaktene råd om forsvarleg hausting av 22 fiskebestandar. Forskarane frå HI kjem fram til bestandsvurderingane og kvoteråda saman med andre forskarar i ICES Det internasjonale råd for havforsking.

Kvoterådgivinga går i all hovudsak som planlagt.

På grunn av koronasituasjonen blir det ei omlegging av arbeidet med bestandsrådgivinga i ICES ­– Det internasjonale råd for havforsking. I alle fall fram til 1. juli vil alt rådgivingsarbeid skje utan fysiske møte, men sjølve råda kjem stort sett til å bli gjeve som før om åra.   

Les meir om omlegginga på ICES' sider: COVID19 impacts on ICES advice for 2020

Kan gjera bestandsvurderingane

– Stort sett har vi fått samla inn dei data vi treng for å vurdera bestandane. Det er data frå tokt siste år og fangststatistikken for 2019. Det kan oppstå visse utfordringar med å få levert data i tide, dette gjeld både norske data og data frå andre land, fortel Bjarte Bogstad, som er norsk representant i ICES’ rådgivande komité (ACOM).

ICES-rutinar kjem godt med

Forskingsdirektør Geir Huse seier at det no kjem godt med at ICES har gode rutinar for å handtera kansellerte tokt og seinare dataleveransar. 

–  Dei fleste råda går som planlagt, men for kolmule er datagrunnlaget dårlegare fordi det viktigaste toktet blei avlyst. Vi samlar inn prøvar frå dei pelagiske fiskeria som vanleg. Førebels har vi stoppa prøveinnsamlinga frå fiskemottak for botnfisk då dei har manglande tilgang på grunn av koronautbrotet, seier han.

For dei viktigaste bestandane for Noreg er situasjonen følgande:

Nordsjøen/Skagerrak

Rådet for brisling blir offentleggjort 14. april og rådet for nordsjøsild blir offentleggjort 29. mai. Her kjem det kvoteråd som vanleg.

For tobis bruker Norge eit nasjonalt råd og ikkje råd frå ICES. Tokt med Eros er inntil vidare planlagt å gå 23.april13.mai., og ein reknar med at det kjem eit nasjonalt kvoteråd rundt 15. mai. Dette rådet er ei oppdatering av det nasjonale rådet gitt tidlegare i år.

For sei, torsk, hyse og kviting i Nordsjøen kjem kvoterådet 30. juni.

Barentshavet/Norskehavet

Kvoteråda for nordaustarktisk torsk, hyse og sei, snabeluer, vanleg uer, blåkveite og kysttorsk nord for 62°N blir offentleggjort 16. juni. For blåkveite vil truleg rådet frå i fjor bli forlenga. 

Når det gjeld dei pelagiske bestandane NVG-sild, kolmule, makrell og hestemakrell kjem råda først i september. Vi kjem attende med ei oppdatering om desse bestandane etter kvart.