Gå til hovedinnhold

Sterke årsklassar sikrar auka kvoteråd for augepål


Trisopterus esmarkii 09 2015

Augepål på havbotnen.

Fotograf: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

God rekruttering tre år på rad gjer at havforskarane kan anbefale ei fangstkvote som er 52 prosent høgare enn i fjor.

Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) anbefaler ei kvote for augepål på maksimalt 254 038 tonn i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat. Rådet gjeld frå 1. november 2020 til 30. oktober 2021. Kvoterådet frå november 2019 til oktober 2020 var på 167 105 tonn.

Her finn du heile kvoterådet.

Bestandsansvarleg Espen Johnsen gler seg over gode årsklassar av den vesle torskefisken.

– Det er veldig god rekruttering samanlikna med det vi såg rundt midten av 2000-talet, og du skal langt tilbake for å finne så god rekruttering tre år på rad. Det er godt nytt for økosystemet, seier Johnsen.

Augepål (augnepål, øyepål; Trisopterus esmarkii) er ein av dei minste, men mest talrike torskefiskane våre. Han et hovudsakleg krepsdyr som krill og raudåte, og blir sjølv eten av mange større fiskar som torsk, hvitting og sei, og av sjøpattedyr. Arten er derfor eit viktig bindeledd i næringskjeda.

Han er også ein viktig industrifisk som vert nytta til produksjon av fiskemjøl og -olje.

Les meir om augepålen på temasida.