Gå til hovedinnhold

Rår frå loddefiske i Barentshavet i 2021


HI 041380

På økosystemtoktet i Barentshavet registrerer forskarane lodde med ekkolodd og trål.

Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Loddebestanden ligg godt under grensa for at det internasjonale havforskingsrådet ICES kan tilrå ei kvote.

Det er ekkoloddregistreringane på det årlege økosystemtoktet i Barentshavet som gir det viktigaste grunnlaget for å anslå kor mykje lodde det er. Ut frå toktet i haust har forskarane rekna at bestanden av gytemoden lodde no er på 545 000 tonn.

Men så skal torsk og andre rovdyr forsyne seg. Forskarane lagar derfor ei prognose for kor mykje lodde det er sannsynleg at overlever lenge nok til å gyte innan 1. april neste år.

Usannsynleg at det blir overskot

– Den nedre grensa for å kunne hauste av bestanden, er bestemt til 200 000 tonn. Det er berre 27 prosent sannsynleg at gytebestanden held seg over denne grensa, sjølv utan fiske, forklarar havforskar Bjarte Bogstad.

Han er norsk medlem i rådgivingskomitéen til ICES, og med i den norsk-russiske fiskerikommisjonen som blir einige om forvaltning av lodda i Barentshavet.

– Russland og Norge har som mål at lodda først og fremst skal vere mat for andre dyr i økosystemet i Barentshavet. Det er eit eventuelt overskot vi skal fiske på, seier Bogstad.

Ser teikn til betring

Bestanden er større enn til same tid i fjor. I tillegg ser forskarane nytt lys i enden av tunnelen. Det var gode mengder unglodde i Barentshavet under årets økosystemtokt. Dersom desse rekruttane overlever, går dei inn i gytebestanden til fisket i 2022.

– Mengda eitt år gammal lodde på økosystemtoktet i haust er den høgaste vi har målt sidan 2013, seier forskaren.

Forseinka dekning på russisk side

Økosystemtoktet i Barentshavet er eit norsk-russisk samarbeid der forskingsfartøy frå begge land går i forhandsbestemte ruter på kartet for å måle fiskebestandane.

– Dekninga på russisk side var i år forsinka og berre delar av den er med i grunnlaget for dette kvoterådet, seier Bjarte Bogstad.

Basert på fordelinga av lodde dei siste åra, trur forskarane den forseinka dekninga ikkje har avgjerande betydning for kvoterådet.

– Det er eit potensielt utbreiingsområde for unglodde i søraust som ikkje er undersøkt. Men vi vurderer at det meste av den gytemodne lodda er dekka.

Referanse

ICES. 2020. Capelin (Mallotus villosus) in subareas 1 and 2 (Northeast Arctic), excluding Division 2.a west of 5°W (Barents Sea capelin). In Report of the ICES Advisory Committee, 2020. ICES Advice 2020, cap.27.1-2, URL: https://doi.org/10.17895/ices.advice.5889.