Statsbudsjettet: Friske midlar til byggeplanar på Dokken

budsjettkvintett.jpg

Glade for oppstartsmidlar til forprosjekt på Dokken: frå venstre Geir Lasse Taranger, fagdirektør HI, Tor André Ljosland (KrF), Per Sandberg, fungerande fiskeridirektør, Tom-Christer Nilsen (H) og August Simonsen (V).

Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Set av 13 millionar kroner til oppstart av forprosjekt for nytt bygg for Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet i Bergen. 

Tidlegare har regjeringa bestemt at Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet skal samlokaliserast i eit nytt bygg på Dokken i Bergen. Onsdag morgon kunngjorde regjeringspartia at dei vil løyva pengar til forprosjekt for bygget i forslaget til statsbudsjett for 2021.

– Stor gevinst for havnasjonen Noreg

Havforskingsdirektør Sissel Rogne kallar løyvinga for haustens beste nyhende. Ho er svært glad for det klare signalet om å halda god framdrift på samlokaliseringa av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet på Dokken.

– Å flytta til Dokken er utan tvil det aller viktigaste instituttet har framfor seg. Og det er ikkje tilfeldig at vi stiller med eit forskingsskip som bakgrunn i dag. For oss har det høgaste prioritet å få samla dei HI-tilsette i Bergen og sikra kaifront til alle skipa våre. Det vil også gje ein stor gevinst for havnasjonen Noreg, seier Sissel Rogne.

Tidlegare budsjettnytt: Milliondryss til kystovervaking i statsbudsjettet

Tar nokre år

Havforskingsinstituttet er i dag spreidd ut på ti ulike bygg i Bergen. Å kunna samla dei tilsette i eit nytt bygg, i tillegg til å ha direkte tilgang til sjøvatn og djupvasskai.

Forprosjektet vil etter planen ta to til tre år. Samla ramme for forprosjektet er 220 mill. Etter ferdig forprosjekt og kvalitetssikring vil regjeringa eventuelt fremja forslag for Stortinget om gjennomføring av prosjektet. 

– Eg er svært nøgd med at vi no kjem eit stort steg nærare realisering av prosjektet. Bygget og samlokalisering vil kunna gje området og fagmiljøa eit stort løft, seier stortingsrepresentant for Høgre, Tom-Christer Nilsen i ei pressemelding. Foto: Erlend Astad Lorentzen / HI