Gå til hovedinnhold

Vil styrka samspelet mellom forsking og forvalting


Fem smilande personar oppstilte på rad i ein konferansehall.

Alf Håkon Hoel (i midten) saman med HI-direktør Sissel Rogne på konferansen Arctic Frontiers 2019. Lengst til venstre forskingssjef Livar Frøyland; til høgre fagdirektør Geir Lasse Taranger og forskar Sigrid Lind (Norsk Polarinstitutt).

Fotograf: Stine Hommedal / HI

Statsvitar Alf Håkon Hoel har forska på forvalting av marine ressursar i ein mannsalder. No rykkjer han inn i ei ny stilling ved HI under oppstarten av FNs havforskingstiår.

Havforskingstiåret skal skapa merksemd og kunnskap om korleis ressursar i havet kan bidra til å løysa store utfordringar i verda, viss dei blir forvalta rett. Her blir samspelet mellom hav og samfunn avgjerande.

Fleire krev plass

– Det store bildet er at vi har gått frå fire milliardar menneske på jorda i 1970, til at vi blir ti milliardar om tretti år. Det er veldig mange fleire som skal ha plass, og fleire som skal leva av blant anna havet, seier Hoel.

Forskaren meiner den globale situasjonen gjenspeglar seg òg i norsk røyndom, med stadig fleire aktørar som vil ha ein bit av areala i havet og langs kysten.

– Då tvingar det seg fram eit spørsmål om korleis ein skal få dette til. Dette har ikkje marinbiologane eit svar på åleine. Difor er det viktig å få til gode, tverrfaglege prosessar, der ein kan belysa dette frå ulike sider. Vi skal ha ei heilskapleg forvalting, og det krev også heilskaplege råd, seier Hoel.

Les også: Heilskapleg havforvalting nødvendig for å møte klimaendringar

Nøgd direktør

Alf Håkon Hoel er frå før professor ved Noregs fiskerihøgskole, som er ein del av UiT – Noregs arktiske universitet, og har dei siste åra hatt ei bistilling ved HI. No snur han om på det, og går inn i ei nyoppretta stilling i staben til havforskingsdirektør Sissel Rogne, mens han framleis skal ha ei bistilling ved UiT.

Rogne seier at ho er spesielt glad for å ha han med på laget akkurat dette året.

– I 2021 er fleire større prosjekt i transitt: statsminister Erna Solbergs havpanel, havforskingstiåret og Norad-programmet Hav for utvikling. Alf Håkon Hoel har stor kunnskap om havforvaltning – og ser med eit anna blikk enn det vi til vanleg gjer på Havforskingsinstituttet, seier ho, og legg til at instituttet vil få stor glede og nytte av Hoels kompetanse og kapasitet på utredningsarbeid.

Les kronikken: Havåret 2021: Det utsatte «superåret»

Forsking og forvalting treng kvarandre

Forvalting er eit viktig stikkord når det handlar om å få til sameksistens og berekraft i både økonomisk, miljømessig og samfunnsmessig forstand. For Hoel er det er særleg viktig å få til gode overgangar mellom forsking og forvalting.

– For det første er det viktig at forskarane snakkar eit språk som forvaltarane forstår. For det andre må kanskje forvaltarane anstrenga seg litt meir for å forstå kva forskarane snakkar om, seier han.

– Det handlar om å forstå den andre sida sin verkelegheit. Vi lever i ei verd der ting blir meir og meir komplisert og går fortare og fortare. Det gjer at denne kommunikasjonen berre blir viktigare.

Tar med seg tung erfaring

Alf Håkon Hoel var tidlegare avdelingsdirektør ved Havforskingsinstituttet i Tromsø frå 2010 til 2015. Frå før står blant anna Utanrikstenesta, Norsk polarinstitutt og Fridtjof Nansens institutt på cv-en.

Den konkrete bakgrunnen for den nye stillinga, er at forskingssjef Peter Haugan frå nyttår gjekk inn i ei stilling i Utanriksdepartementet. Der skal han jobba med oppfølging av konklusjonane frå det internasjonale Havpanelet og den norske innsatsen under havtiåret.

Dermed trer Hoel inn som «supervikar», men i ei skreddarsydd rolle. Arbeidsoppgåvene blir knytte til samanhengane mellom havforsking og havforvalting både nasjonalt og ikkje minst internasjonalt.

Les også: Skal kople forsking og politikk i regjeringa sitt havteam

Verda blir mindre og viktigare

Hoel peikar på at internasjonalisering er ein tung trend som i aukande grad påverkar òg Havforskingsinstituttet sitt arbeid.

FN si omfattande liste med berekraftmål, som havforskingstiåret skal bidra til å oppfylla, er berre eitt eksempel.

– Det er eit aukande tal prosessar og forum for havforvalting og politikk der det er viktig for havforskinga å ha ei rolle. Måten ein innrettar seg på med omsyn til internasjonal rett og politikk har difor mykje å seia. I den grad eg kan noko, er det om dette, seier Hoel lurt.