Gå til hovedinnhold

Følger gravide pigghåar med satellittmerke

Forskarane vil vite kor haiane føder ungane sine.

Pigghåen er ein mystisk hai. Etter eit historisk overfiske i Atlanterhavet er han no freda. Men det kan samtidig vere ei utfordring for fiskarar å unngå å fange han. 

Haien kan nemleg opptre i store, lokale stimar som gjerne finn vegen inn i garnet.

– Situasjonen for pigghåen har betra seg dei siste 20 åra. Men bifangst er eit problem langs Norskekysten. For å finne smartare måtar å bygge opp bestanden, må vi finne ut korleis vi kan beskytte dei viktige, gravide hoene og kommande generasjonar, seier haiforskar Claudia Junge.

Steg på vegen mot smartare forvaltning

– Kanskje kan det vere eit bidrag til å kunne føreslå meir målretta tiltak enn eit totalforbod mot fiske. For eksempel område- eller sesongbegrensingar, slik vi har for nokre andre artar.

Då er første spørsmål: Kor er dei potensielt uvurderlege fødsels- og oppvekstområda deira? 

Pigghå føder nemleg levande ungar og går gravide med kvart kull i opptil to år.

Festar ferdsskrivar på fisken

For å finne «fødestova», har havforskarane no for andre året festa satellittmerke på høggravide pigghåar. Det er havforskar og merkeekspert Keno Ferter som har hatt oppdraget.

– I fjor var merka programmerte til å henge på i seks månadar. Vi ser at det var litt snaut, så no har vi auka til eit år, forklarer han.

Merka heng fast, loggar data, løyser seg ut og sender informasjon heim via satellitt. Då kan forskarane rekonstruere svømmeruta til fiskane. Det er same type merke forskarane brukar på makrellstørje og laks.

Korleis sjekkar du om nokon er gravide? Med ultralyd, sjølvsagt.

I pigghåjakta har Ferter og merketeamet utstyrt seg med fiskeutstyr, men også ultralydapparat.

– Vi må vite at pigghåane ikkje berre er gravide, men også i siste halvdel av svangerskapet. Elles risikerer vi at merka løyser seg ut før haiane har født, seier han.

Og viss du syns det er vanskeleg å sjå noko som helst når entusiastiske, kommande menneskeforeldre viser deg ultralydbilde, skal du prøve å tolke eit pigghåfoster. Men her får du litt hjelp:

foto av ultralydmaskin
Pigghåfosteret ligg opp ned på ultralydbildet. Du kan sjå auget og munnen. (Foto: Erlend A. Lorentzen / HI)

Etter tips frå lokale fiskarar i fjor, har forskarane funne seg ein fast pigghåplass  i Langenuen, mellom Austevoll og Tysnes i Vestland fylke.

Fekk mange ungdommar, men sleit med mødrene

Utfordringa er at pigghåen kan gå i stimar fordelt på kjønn og alder. Du kan treffe blink, eller dra opp hannfisk eller ungfisk. Det skulle vise seg problematisk å finne fiskar i rett «livsituasjon» under årets merking.

– Det blei seine, kalde kveldar med mange små hoer mellom dei store, gravide fiskane. Men vi kom i mål og har no festa dei fem merka vi hadde tilgjengeleg, seier Ferter.

– Vi fiskar med sirkelkrokar med nedklemt mothake, ein veldig skånsam fangstmetode. Sidan ingen av merka har løyst seg ut før tida, veit vi at haiane svømmer fint vidare.

Om det som forhåpentlegvis blir eitt år, får forskarane epost frå merka med data som avslører kor haiane har svømt.

(Havforskningsinstituttet har nødvendige løyve til å fange og merke pigghå.)

Sjå video av merkinga: