Gå til hovedinnhold

Fem fartøy på makrelljakt


Makrell i trålen.

Makrell i trålen. Bilde frå sidevegs stereokamera i trålen som blir brukt til maskinlæring.

Det internasjonale makrell-økosystemtoktet i Norskehavet er i full gang med fem fartøy frå fire land som mellom anna skal kartlegga makrellbestanden. Her kjem første løypemelding frå forskingsdirektør Geir Huse som er toktleiar på første del av toktet.

Leigefartøya «Eros» og «Vendla» la ut frå Bergen torsdag 1. juli med dei norske havforskarane om bord. 

I tillegg seglar fartøy for Færøyane, Island og EU (Danmark). Islendingane starta sin del av toktet på måndag, så den siste veka har alle dei fem fartøya vore i aksjon. 

Danskane er no ferdige med sin dekning i Nordsjøen, og det er gode fangstar i Nordsjøen i år. Grønland blir ikkje med på årets tokt grunna forsinka leveranse av nytt forskingsfartøy. 


Makrellfangstar på Vendla 1.–12. juli. 

Fram til måndag morgon hadde dei norske fartøya gjennomført 55 trålstasjonar. Det har vore fanga makrell på alle stasjonane. 

«Vendla» har dekka områda frå Norskekysten og ut i Norskehavet. Dei største fangstane så langt er i den nordvestlege delen av dekninga (sjå kart). Men toktet har endå ikkje kome inn i den nordlege delen av Norskehavet der dei høgaste konsentrasjonane var i fjor. Størrelsen på makrellen varierer litt mellom stasjonane, og på den innerste stasjonen i helga fekk me for første gang på toktet eittåringar, såkalla pir. 


Gjennomsnittsvekt av makrell på Vendla 1.–12. juli.

«Eros» var lenger vest i byrjinga, men har nå kome inn til Norskekysten og går kursar parallelt med «Vendla». 

På «Vendla» har vi òg testa ut Deep Vision-systemet på fleire hal i tillegg til trålhala som inngår i bestandsberekninga av makrell. Systemet er lovande i operasjon og gir fine bilde av fisken som passerer gjennom trålen. Planen er at vi etter kvart skal kunne ta i bruk slikt biletmateriale og maskinlæring i mengdemålinga av makrell og annan fisk. 

Det blir bytta mannskap i Tromsø til helga og toktet fortset til 3. august.

Meir om årets tokt.


Bilete frå Deep Vision-kameraboksen som filmar alt som passerer gjennom trålen.