Gå til hovedinnhold

Lite uønskte stoff i fiskefôr


Fôrpellets i metalltrau.

I 2020 vart det produsert om lag 2 millionar tonn fiskefôr i Noreg.

Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet

I 2020 undersøkte HI 141 prøvar av fiskefôr og fôrmiddel på oppdrag for Mattilsynet. Ingen av prøvane inneheldt uønskte stoff over øvre grenseverdiar.

– Slik me ser det er det låg risiko, og mykje dei same nivåa som går igjen frå tidlegare år, seier forskar Veronika Sele ved Havforskingsinstituttet (HI).

Kvart år tar Mattilsynet eit utval av prøvar frå norske fôrfabrikkar og sender til HI for analyse. Formålet er å få eit situasjonsbilde på førekomst og nivå av uønskte stoff i fiskefôr og ingrediensar som blir nytta i norsk fiskefôrproduksjon, og sjekka moglege risikofaktorar for helse og miljø.

Ingen over grensa

I 2020 fekk HI tilsendt i alt 141 prøvar: 85 fiskefôr, 9 fiskemjøl, 9 vegetabilske mjøl, 10 fiskeoljer, 8 vegetabilske oljer, 4 insektmjøl og 16 premiksar.

Prøvane blei analyserte for ei rekke uønskte stoff, forbodne stoff, bakteriar, tilsetningsstoff og næringsstoff.

Ingen av prøvane var over grenseverdiane i regelverket som gjeld for uønskte organiske og uorganiske stoff. Den generelle mikrobiologiske kvaliteten blei også vurdert som god. 

Les rapporten frå overvakinga her.

Spor av utfasa tilsetningsstoff

– I nokre av fôra me undersøker, finn me spor av ethoxyquin. Det er ikkje høge nivå, men spornivå som kanskje kan stamma frå krysskontaminering frå produksjonslinjer eller transport, seier Sele.

Ethoxyquin er ein syntetisk antioksidant som det tidlegare var vanleg å tilsetja i fiskemjøl, i hovudsak for å hindra eksplosjon under sjøtransport og lagring. Det blei fasa ut i 2020, og er ikkje lenger godkjent for bruk.

– Det var også nokon funn av PAH i vegetabilske fôrmiddel. Det er ikkje sett grenseverdiar for PAH i fôr eller fôrmiddel, så det er ingen overskridingar, men nivåa er noko høgare enn me har sett tidlegare, seier Veronika Sele.

Polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH) er ei stor gruppe prosessframkalla kontaminantar, som blir danna ved ufullstendig forbrenning. Dei kan bli danna i prosessering av korn ved høge temperaturar.

Sjekka næringsstoff

Annakvart år har overvakinga særleg fokus på næringsstoff. Dette var tilfelle i 2020, då forskarane analyserte prøvane for ei rekkje mineral, vitamin og feittsyrer.

Stort sett ser det ut til at laksen får i seg det han treng av viktige næringsstoff gjennom fôret, til dømes omega-3-feittsyrene EPA og DHA og vitamin C, E og K. Men:

– Nivåa av B-vitamin er litt låge, særleg når det gjeld plantebaserte fôrtypar. Laksen treng B-vitamin som folat og cobalamin for å ha optimal helse, seier Veronika Sele.

Følgjer utviklinga i fôringrediensar

Overvakings- og kartleggingsprogrammet for fiskefôr har blitt gjennomført årleg sidan 1996. Ein generell utvikling i fiskefôr sidan oppstarten har vore overgangen til meir plantebaserte fôringrediensar.

Sprøytemiddel og mykotoksin, uønskte stoff som typisk vil vera meir til stades i plantebaserte fôringrediensar, vart difor inkludert i programmet for nokre år sidan.

– Sprøytemiddelet klorpyrifos har dei to siste åra ikkje blitt funne i undersøkte fiskefôr. Det reflekterer sannsynlegvis at klorpyrifos no er forbode å bruka. Naturlege plantegifter som teobromin og glukosinolater vart nylig inkludert i programmet, men utan at ein har påvist vesentlege mengder av dette til no, seier Sele.

Les også: Hva skal framtidens oppdrettsfisk spise?

Sidan 2019 har forskarane også begynt å få inn prøvar av insektmjøl, som nyleg har blitt godkjent som fôringrediens til fiskefôr. Dei har ikkje sett nokon større risikoar med desse så langt.

I området for fiskefôr er det no stor fokus på nye råvarer, særleg marine råvarer som blåskjel, mesopelagisk biomasse, mikro- og makroalgar.

– I denne samanhengen vil gjerne uønskte stoff som ein forbind med marine råvarer vera i fokus igjen, som metall og dioksin. Me har ikkje fått slike nye marine fôringrediensar inn i dette programmet så langt, seier Sele.

Stikkprøvar av stort produksjonsvolum

Det blir produsert omtrent 2 millionar tonn fiskefôr årleg i Noreg. Det er dermed utfordrande å slå fast kor representative dataa er, med tanke på mengda prøver som blir tatt i forhold til produksjonsvolument.

– Det blir tatt stikkprøvar av eit stort årleg totalvolum. Men det me får gjennom programmet er også tidsseriar som gjer at me kan følgja utviklinga, kartlegga risikoar og vera føre var, seier Veronika Sele.

Referanse

Sele, Veronika, Marc Berntssen, Antony Philip, Anne-Katrine Lundebye, Kai Kristoffer Lie, Marit Espe, Julia Storesund og Robin Ørnsrud (2021). «Program for overvåking av fiskefôr. Årsrapport for prøver innsamlet i 2020». Rapport fra havforskningen, 2021–28.