Gå til hovedinnhold

HI sitt endelege kvoteråd for tobis: 145 000 tonn

Årets tobistokt viser under middels rekruttering og individvekt, men framleis mykje igjen av dei eldre superårsklassane.

(Denne saka er oppdatert med endeleg toktrapport.)

– Bestanden har gått kraftig ned frå toppåret i fjor, og er no tilbake på nivå med dei nest største toppane i tobistoktets historie, oppsummerer havforskar Espen Johnsen.

Han er framleis på sjøen i siste del av det årlege akustikk- og tråltoktet der forskarane sjekkar stoda for tobisbestanden. Toktet dannar grunnlag for HI sitt endelege kvoteråd for kor mykje tobis det er berekraftig å fiske i norsk økonomisk sone.

Svaret er 145 000 tonn.

HI rår til at underområda 1b, 1c, 2a, 2c, 3a, 3c, 4b blir verande opne for fiske i perioden 15. april til 23. juni.

Feitar seg opp på raudåte

– Årets tokt viser at rekrutteringa er noko under middels, altså kor mykje fisk som klekte i 2020. Tobisane har også lagt lite på seg sidan i fjor, og vekta per fisk er under middels for alle aldersgrupper, seier Johnsen.

Samtidig såg forskarane at tobisane no hadde magane fulle av raudåte og andre dyreplankton. Dette tyder på at dei har god mattilgang.

Sterke veteranar fører til råd om kvoteauke

– Det er framleis mykje to og fem år gammal tobis i sjøen, spesielt på Engelsk Klondyke der mesteparten av årets tobisfiske har gått føre seg, seier han.

Det er altså restar av den svært sterke 2016-årsklassen og den historiske 2019-årsklassen som gjer at forskarane kan tilrå å jekke opp det førebelse kvoterådet på 110 000 tonn til det eit endeleg rådet på 145 000 tonn.

foto av mange tobis i samlede hender
Ein av fangstane på årets tokt. Tobis er eit samleomgrep for fleire artar i sil-familien. Fisket er i hovedsak på havsil. (Foto: Åse Husebø / HI)

Fisken er godt fordelt i sør

– Hovudmengdene av tobis er jamt fordel på dei sørlege områda i norsk økonomisk sone, seier Espen Johnsen.

Tobisane lever dels nedgravne i sandbotn, og bestanden deler seg derfor inn i sandbankar på avgrensa område i Nordsjøen. 

Kvoten er fordelt på område, med fiske i berre delar av kvart område. Dermed er det alltid fisk igjen til å halde oppe den lokale delen av bestanden. 

Undersøker Vikingbanken no

Dette forvaltningssystemet har fungert for å få opp igjen tobisbestanden, med unntak av på Vikingbanken nord i Nordsjøen. Den har vore stengt for fiske sidan 2000-talet.

Fredag er ikkje forskarane ferdige med å dekke Vikingbanken og kjem tilbake med funna sine derfrå seinare.

– Men rådet vårt er at området uansett blir verande stengt for fiske fram til den lokale gytebestanden har henta seg inn igjen, seier Espen Johnsen.

Vi legg ut den tekniske toktrapporten når den er ferdig, også med resultata frå Vikingbanken, i neste veke.

OPPDATERING: Her er rapporten frå toktet med resultata frå Vikingbanken. Mengda tobis der er berekna til under 100 tonn - det lågaste målt i toktserien.

Slik "tel" vi tobis med ekkolodd