Gå til hovedinnhold

Kvoterådet for nordsjøsild er utsett

sildefangst

ICES sitt kvoteråd for nordsjøsild for 2022, som skulle vore publisert 28. mai, kjem i staden i september.

Under arbeidet med bestandsvurderinga oppdaga ekspertgruppa (HAWG) eit problem, som medfører at ICES må utsetja rådet på nordsjøsild til 30. september 2021.

I løpet av sommaren vil det bli gjennomført ein inter-benchmark på bestanden. I denne prosessen vil ein bruka nye, oppdaterte estimat av naturleg dødelegheit.

Dette inneber at referansepunkt må sjekkast og kanskje reviderast.

Les meir om rådgivingsprosessen: