Gå til hovedinnhold

Kontrollerte insektfôr for «forbode» storfeblod


Brune og svarte insektlarvar i ein boks

Svart soldatflue er ein av insektartane som no er godkjent for bruk i fiskefôr.

Fotograf: Ikram Belghit / HI

Insektavl for fôrproduksjon gir spennande moglegheiter, men òg nye utfordringar for kontroll med mat- og fôrtryggleik. Forskarar har no utvikla og testa metodar for å oppdaga forbodne ingrediensar i insektfôr.

Insekt blir av fleire sett på som eit berekraftig alternativ både til tradisjonelle fôringrediensar som fiskemjøl og -olje og til vegetabilske ingrediensar som soyabønner. Forsøk har vist at det er god mat for laksen.

Fordi insekt kan avlast opp på matavfall og andre ressursar som elles ville gått til spille, gir dei òg interessante moglegheiter for ein sirkulær økonomi.

Det krev samstundes nye metodar for å kontrollera innhaldet i fôret.

Les også: Disse larvene har spist slam fra oppdrettsanlegg

Kontroll av ulovleg storfe-blod

I ein ny studie leia av Josef Rasinger og Ikram Belghit ved Havforskingsinstituttet (HI) testa forskarane nye analytiske tilnærmingar for å oppdaga forbodne stoff i insektfôr. Insekt som skal brukast til fôr må nemleg oppfylla regelverket som gjeld for prosesserte animalske protein (PAP).

I forsøket oppdretta forskarane svarte soldatflugelarvar – éin av sju insektarter som er godkjent for bruk som ingrediensar i fiskefôr i EU.

Larvane blei feita opp på eit standard kyllingfôr. Nokre av dei fekk i tillegg ulike mengder av ein «ulovleg» ingrediens tilsett i fôret: blod frå storfe.

EU har forbode kjøt- og blodprodukt frå storfe i fôr etter utbrot av kugalskap på 90-talet.

Alle metodane oppdaga blodet

Prøvar av både insekt og fôr vart sende til laboratorium i Noreg, Belgia og Tyskland for analysar med i alt seks forskjellige metodar. Ein av dei er ein ny metode som for tida blir utvikla ved HI.

– Me fann at alle metodane oppdaga og spora dei forbode stoffa, seier Madhushri Shrikant Varunjikar, stipendiat ved HI og Universitetet i Bergen og medforfattar av studien.

– For å sikra effektiv fôrkontroll av nye insektfôr til havbruk, må me bruka forskjellige molekylære verktøy i trinnvise tilnærmingar. Kvar av metodane me testa hadde sine styrkar, men òg manglar. Manglane kan likevel lett overvinnast viss komplementære verktøy blir brukte saman, legg ho til.

Ny metode utvikla ved HI

Varunjikar, Rasinger og Belghit har saman med Magnus Palmblad ved Leiden universitetssjukehus (LUMC) utvikla ein av dei nye metodane som vart brukte i studien, kalla spektralbibliotekmatching.

Metoden går ut på å identifisera protein ved hjelp av massespektrometri (MS), eit verktøy for å oppdaga den kjemiske signaturen til molekyl ved hjelp av massespektera deira.

– Me kan laga eit bibliotek av spekter, som deretter kan brukast til å finna ein match for dei ukjente materiala me analyserer, forklarer Madhushri Shrikant Varunjikar.

– Metoden er blitt brukt til å oppdaga forbodne stoff i insekt og insektfôr, men han kan òg brukast på andre PAP-baserte fôringrediensar, og til å oppdaga fôr- og matsvindel generelt.

Standard PCR-metode er ikkje vevsspesifikk

Dei nye metodane kan erstatta eller supplera metoden som blir brukt som standard ved referanselaboratoria for animalsk protein i dag. Den er basert på polymerasekjedereaksjon (PCR), likt metoden som blir brukt til å oppdaga koronavirus.

– PCR er rask og sensitiv, men metoden er ikkje vevsspesifikk. Til dømes kan ikkje godkjent mjølkepulver skiljast frå forbodne animalske protein eller blodprodukt frå same art. Spektralbibliotekmetoden kunne seia kva som er lovleg og ulovleg materiale, seier Varunjikar.

Andre PAP-produkt frå drøvtyggarar, som kollagen og gelatin, vil truleg snart bli tillatne som ingrediensar i fôr. Då vil denne nye metoden vera særleg nyttig for å skilja mellom animalske produkt.

Fremmar trygg og berekraftig sjømatproduksjon

Den nye studien gir verdifull ny kunnskap om korleis ein kan sikra trygt fôr samstundes som ein introduserer nye og meir berekraftige fôrressursar i havbruk etter sirkulærøkonomiske prinsipp.

– Så vidt vi veit er dette den første studien som samanliknar kor godt eigna forskjellige verktøy er for påvising av forbodne blodprodukt i insektfôr og larver, seier Ikram Belghit.

Arbeidet er eit resultat av eit prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd (ENTOFOR). Det er eit døme på korleis molekylære verktøy kan brukast til å takla framtidige utfordringar med fôr- og matautentisitet.

– HI fortset med å utvikla metodar for mat- og fôrtryggleiksanalyser i tett samarbeid med nasjonale og internasjonale myndigheiter for mattryggleik, seier Kai Lie, som leier det nasjonale referanselaboratoriet ved IMR, og Josef Rasinger, prosjektleiar for MultiOmics-prosjektet ved HI.

Referanse

Belghit, Ikram, Varunjikar, Madhushri et al. (2021). «Future feed control – Tracing banned bovine material in insect meal». Food Control 128:108183.