Gå til hovedinnhold

– Marint vern er viktig både for havet og havforskinga


Rosa sjøfjær og liten, oransje fisk på havbotnen.

Sjøfjær ser ut som planter, men er eit koralldyr. Dei er viktige for økosystemet på havbotnen der dei held til.

Fotograf: Erling Svensen / Havforskingsinstituttet

Ved å verne intakt natur i havet kan havforskarane lære mykje som dei kan bruke til å gi betre råd om forvalting av hav og kyst i framtida.

Oppdatert: 9. april la regjeringa fram ein ny heilskapleg plan for bevaring av marin natur. HI har bidratt med kunnskapsgrunnlag til stortingsmeldinga.

– Det er viktig å finne og bevare urørt natur, fordi vi treng meir kunnskap om kva effektar menneskeleg aktivitet har på naturen i havet, seier havforskar Lis Lindal Jørgensen. Ho er hovudforfattar av ein ny rapport om marint vern.

Det er eit politisk mål både i Noreg og internasjonalt at vi skal verne større område i havet mot ulike menneskelege aktivitetar og inngrep.

Havforskarane er med og gir råd om kva som bør vernast, og kvifor. Dei er også opptatt av det vi kan lære av å verne, for dermed å styrke forskinga og rådgivinga.

– Viss vi ikkje har intakt natur, kan vi heller ikkje vite korleis annan natur er påverka. For at vi skal kunne gi gode råd om forvalting og bruk av havet, må vi ha område med intakt natur som vi kan samanlikne med, seier Jørgensen.

Verda vil ha meir marint vern

Rapporten er levert til Klima- og miljødepartementet, som i desse dagar jobbar med ei ny stortingsmelding om marint vern i Noreg.

Under FN-konvensjonen om biologisk mangfald har Noreg slutta seg til ein intensjon om å verne minst 10 prosent av hav- og kystområda våre. I FN og andre internasjonale fora diskuterer ein no å auke ambisjonen til 30 prosent vern innan 2030.

Dette er blant anna ei av anbefalingane frå det internasjonale høgnivåpanelet for berekraftig havøkonomi (Havpanelet), som Noreg er ein del av. Havpanelet er opptatt av at vern må vere ein integrert del av ei heilskapleg havforvalting.

Undervannsbilde av anemone på eit korallrev.0
Karlteggingsprogrammet Mareano er viktig for å dokumentere sårbar natur på havbotnen. Her bilde av anemoner, mosdyr og filigranmakk i eit korallrev. Foto: Mareano / HI

Fordelar for økosystem og bestandar

Vernemålet har bakgrunn i at vi veit stadig meir om tilstanden i mange hav- og kystområde – og om dei positive effektane eit vern som verkar etter formåla kan ha for økosystema.

– Vi veit i dag nok til å seie at vi må balansere bruk av havet med vern av intakt natur for at vi skal kunne nyttiggjere oss av økosystemtenestene i framtida, seier forskar og programleiar Even Moland.

Økosystemtenester er dei mange uerstattelege goda vi får av naturen. Havet regulerer til dømes vêr og klima, produserer store mengder oksygen og resirkulerer næringsstoff.

I tillegg gir økosystema i havet grunnlag for fiskeri som gir oss ernæring og økonomiske verdiar.

– Verksamt vern kan også sikre lokale bestandars leve-, gyte- og oppvekstområde, og slik bidra til auka berekraft i fiskeria. Det kan gi ei meir føreseieleg forvalting, og gevinstar over lang sikt, seier Moland.

Vern gav fleire og større humrar

Det er blitt dokumentert at vern kan gi eit større artsmangfald, og meir robuste bestandar med brei samansetjing av aldrar og storleikar. Desse effektane kan også «smitte» over til områda rundt.

På Sør- og Vestlandet er det etter råd frå forskarane blitt oppretta fleire fredingsområde for hummar, med forbod mot hummarfiske.

Dette har ført til at det har kome fleire og større humrar – ikkje berre i verneområdet, men også i nærliggande område der det er lov å fiske.

Les også: Fredet hummer fikk større klør

Hummer på hummerteine, sol og sjø i bakgrunnen.
Fotograf: Jørgen Ree Wiig / Havforskningsinstituttet

Kartlegging av sårbar natur har ført til vern

Gjennom kartleggingsprogrammet økosystemtoktet i Barentshavet og Mareano har havforskarane kartlagt store delar av havbotnen i Barentshavet for sårbar natur.

Blant anna fann forskarane mange store oppreiste artar som står fast på botnen i området rundt Svalbard, som sjøfjær og svampar. Dette er habitat som lett kan øydeleggast av ein trål.

– Ein har sett at slike komplekse habitat har litt av den same effekten som korallrev. Dei samlar mange ulike andre artar, slik at det blir eit større artsmangfald. Dermed er det også veldig gode spise- og oppvekstområde for fisk, inkludert kommersielle fiskebestandar, seier Lis Lindal Jørgensen.

Kartlegginga førte til ein prosess som enda med at eit område på meir enn 400 000 km² i Barentshavet er vorte stengt for tråling. Andre område i Barentshavet utan store oppreiste arter toler tråling betre.

Eit lite klipp frå kartlegginga i Barentshavet:

Alt heng saman, og alt er i endring

Ei av anbefalingane i rapporten er at nye marine verneområde blir sett i samanheng med eksisterande, slik at dei dannar større nettverk som bevarer og forsterkar dei positive effektane.

Forskarane understrekar at ein må kartlegge og overvake verneområda, slik at ein kan fange opp endringar og justere grenser eller tiltak etter kvart.

 – Alt i havet heng saman, og alt er i stadig endring. Egg og larver kan drive med havstraumane, og artar flyttar seg frå sør til nord når temperaturen aukar. Vi må vere dynamiske og fleksible, og endre oss i takt med endringar i naturen, seier Jørgensen.

Må samarbeide

Forskarane kan gi råd, men til slutt er det myndigheitene som bestemmer kvar og kva slags vern ein skal ha. Her er ei utfordring at ulike sektorar held seg til ulike departement og ulike regelverk.

Ulike område kan ha vern mot fiskeri, men ikkje andre næringsaktivitetar – eller motsett.

– Sjølv om vi har lang erfaring med regulering i Noreg, er dette ei relativt ny form for samhandling. Vi står i eit skifte i arbeidet med forvalting av havet, i lys av ny forståing av samanhengane i økosystema. Då er det viktig å få til gode samarbeid som inkluderer ulike stemmer, også brukarane av havet, seier Even Moland.

Referanse

Lis lindal Jørgensen, Even Moland, Vivian Husa, Tina Kutti, Alf Ring Kleiven og Gro van der Meeren (2021). «Marint vern. Havforskningsinstituttets ekspertvurdering av utfordringer og status for arbeid med marint vern i Norge.» Rapport fra havforskningen, 2021–9. Gå til nettrapporten.