Gå til hovedinnhold

Augepål: Lågare kvoteråd for 2022


Liten fisk på havbunnen.

Augepål (augnepål, øyepål; Trisopterus esmarkii) er ein av dei minste, men mest talrike torskefiskane våre.

Fotograf: Erling Svensen / HI

Havforskarane tilrår at fangstane av augepål i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat ikkje overstig 118 273 tonn det neste året.

Kvoterådet er 53 prosent lågare enn rådet som blei gitt i fjor (254 038 tonn).

Endringa skuldast at forskarane har justert ned anslaget for rekrutteringa i 2020, kombinert med ei svak 2021-årsklasse. Dette gir ei lågare prognose for gytebestanden.

Likevel er kvoterådet høgare enn den estimerte totalfangsten det siste året (104 121 tonn).

– Augepål er ein kortliva art, noko som gjer at bestanden varierer mykje frå år til år, forklarer havforskar Cecilie Kvamme.

Kvoterådet blei lagt fram av Det internasjonale havforskningsrådet (ICES) fredag 8. oktober og gjeld for perioden frå 1. november 2021 til 31. oktober 2022. Sjå heile kvoterådet her. 

Augepål (augnepål, øyepål; Trisopterus esmarkii) er ein av dei minste, men mest talrike torskefiskane våre. Les meir om augepålen på temasida.