Gå til hovedinnhold

Behov for fleire førebyggande tiltak mot lakselus i oppdrett


Lakselus på kvit bakgrunn.

Lakselus er ein naturleg parasitt som smittar mellom laks.

Fotograf: Kjartan Mæstad / Havforskingsinstituttet

For å sikre at påverknaden på vill laksesmolt held seg innanfor fastsette grenser i trafikklyssystemet, må ein stor del av anlegga ha mykje mindre lus per fisk enn den lovbestemte maksgrensa.

Det viser resultata frå nye modellutrekningar.

Den lovbestemte maksgrensa er i dag 0,2 vaksne holus per fisk – eller éi lus for kvar femte fisk – i perioden på våren då laksen vandrar frå elva som smolt. (Resten av året er grensa 0,5.)

Låge lusetal, men likevel raudt lys

Dei fleste oppdrettsanlegg har klart å halde seg godt under maksgrensa. Likevel opplevde fleire produksjonsområde å få gult eller raudt lys både i 2017 og 2019 (sjå faktaboks).

– Resultata frå denne studien viser at dersom alle anlegg hadde 0,2 lus per fisk, ville lusepresset på villfisken vorte altfor høgt, seier havforskar Anne Dagrun Sandvik, som er hovudforfattar av den nye studien.

Kvart anlegg har gjerne over ein million laksar. Om kvar femte av dei har éi vaksen holus på seg, blir det totalt fleire hundre tusen eggproduserande lus i anlegget – og dermed millionar av smittsame luselarvar som blir spreidde med straumane.

– Det er ikkje realistisk at alle anlegg har like mange lus per fisk. Men i ein tenkt situasjon der dette var tilfelle, måtte lusegrensa vore så låg som 0,03 lus per fisk for at alle produksjonsområda skulle bli grøne basert på vurderingsmetoden som er nytta i denne studien, seier Sandvik.

Indeks som blir brukt i rådgiving

Studien indikerer at både ein jamn reduksjon av utslepp frå alle oppdrettsanlegg, forlenging av perioden med lusegrense på 0,2, og senking av denne grensa til 0,1 vil ha positiv effekt for heile produksjonsområdet.

Men ikkje nok til at alle produksjonsområda vil få grønt lys med denne metoden.

– Dette viser at det er behov for fleire tiltak som kan få ned utsleppa av lakseluslarvar. Det kan vera preventive metodar som til dømes luseskjørt eller snorkelmerd, eller å produsera større smolt, slik at produksjonssyklusen i sjøen blir kortare, seier Sandvik, og understrekar at alle monnar drar.

– Når mengda luselarvar i vassmassane går ned, vil vi få ei positiv tilbakekopling, med færre nye lus på laksen og dermed færre klekte luseegg, seier ho.

Metode for å vurdera miljøpåverknad frå lakselus

Påverknad frå lakselus på villfisk er miljøindikatoren som er brukt i trafikklyssystemet. Indeksen som forskarane legg fram i den nye studien, er ein av metodane som blir brukt til å vurdera denne påverknaden.

Indeksen tar utgangspunkt i modellar som kombinerer kunnskap om lusa sin biologi med informasjon om fysiske forhold i sjøen og klekking av luselarver i alle oppdrettsanlegga.

– Modellar av denne typen er også godt eigna til å vurdera kva som vil bli resultatet av ulike tiltak og forvaltningsstrategiar før dei blir implementerte, seier Anne Dagrun Sandvik.

Dette kan bli endå viktigare som følgje av klimaendringane. Ein annan fersk studie har nemleg vist at varmare sjø kan føra til meir lakselus og høgare smittetrykk, slik at behovet for tiltak blir endå større.

Referanse

Anne D Sandvik et al. 2021. «The development of a sustainability assessment indicator and its response to management changes as derived from salmon lice dispersal modelling». ICES Journal of Marine Science, 78:5. Lenke: https://academic.oup.com/icesjms/advance-article/doi/10.1093/icesjms/fsab077/6277122