Gå til hovedinnhold

Stabilt låge nivå av kvikksølv i fisk og krabbe frå Fedje


Ubåt
Fotograf: Kystverket

Havforskarar sjekkar kvart år kvikksølv-nivå i brosme og taskekrabbe frå området rundt ubåtvraket ved Fedje. No er 2020-rapporten klar.

Den tyske ubåten U-864 hadde inntil 67 tonn kvikksølv om bord då han vart senka vest av Fedje i 1945. Vraket ligg på om lag 150 meters djup, og sjøbotnen rundt er sterkt forureina av metallisk kvikksølv.

For å sikre at det stadig er trygt å ete sjømat frå området, sjekkar HI kvart år innhaldet av kvikksølv i fisk og krabbe fiska rundt vraket og på referanselokalitetar fire nautiske mil nord og sør for vraket.

Kystverket er oppdragsgivar for overvakinga, som har blitt gjennomført årleg sidan 2005. Les rapporten her.

Stabile resultat

Då overvakinga starta, trudde ein at det var uvanleg mykje kvikksølv i brosme. Mattilsynet ga då ei åtvaring mot å ete sjømat frå området rundt vraket.

– Seinare er det vist at brosme er ein art som har evne til å akkumulere forholdsvis mykje kvikksølv, og at brosme frå området ved vraket ikkje har høgare kvikksølvnivå enn andre stader langs kysten av Vestlandet, seier forskar Sylvia Frantzen, som leier overvakinga.

I 2015 fjerna Mattilsynet den særskilte åtvaringa for dette området.

– Det er ikkje noko som tyder på at det har vore auke eller nedgang i kvikksølvnivåa i sjømat frå området ved U-864 sidan denne overvakinga starta i 2005, seier Frantzen.

Ikkje høgare enn tidlegare år

I 2020 analyserte forskarane filet av 75 brosmer, og klokjøt og innmat av 75 taskekrabbar.

Tolv brosmer hadde kvikksølvnivå over grenseverdien som er sett for mattryggleik i EU og Noreg. Seks av dei var tatt ved vraket, fem sør for vraket og éin nord for vraket.

– Når storleiken på fisken vart tatt høgde for, var ikkje konsentrasjonane målt i 2020 høge samanlikna med tidlegare år, seier Sylvia Frantzen.

Sidan oppstarten av overvakinga har til saman 70 av 1193 brosmer (5,8 %) hatt kvikksølvnivå over grenseverdien.

Lite kvikksølv i krabbe

Gjennomsnittleg kvikksølvnivå i krabbar fanga ved vraket av U-864 var forholdsvis lågt i 2020 samanlikna med mange tidlegare år.

– Dette kan skyldast at prøvane dette året vart tatt allereie tidleg i mai, seier Frantzen.

Klokjøt av krabbar hadde eit kvikksølvnivå godt innanfor grenseverdiane for mattryggleik, og det var ingen forskjell mellom dei tre lokalitetane.

Heller ikkje i innmat var det forskjell mellom dei tre lokalitetane dette året. Men både ved vraket og fire nautiske mil nord var det eit par krabbar som skilde seg ut med avvikande høge kvikksølvnivå i hepatopankreas. Det er ingen grenseverdi for mattryggleik som gjelder for hepatopankreas av krabbe.

Referanse

Frantzen, Sylvia, Amund Måge og Monica Sanden. 2021. «Kvikksølv i sjømat ved U-864. Resultat fra overvåkning i 2020». Rapport fra Havforskningen​​​​​​​, 2021: 37. Lenke: https://www.hi.no/hi/nettrapporter/rapport-fra-havforskningen-2021-37