Gå til hovedinnhold

Kva inneheld fiskemiddagen din?


Fisk og grønnsaker på tallerken
Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / HI

Kommentar i Intrafish 11. august: For å vurdere om fisk kan tilrådast i kosthaldet, så må ein i tillegg til å vurdere risiko også vurdere nytte.

Nyleg publiserte vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) ein ny nytte-risiko-vurdering av fisk i norsk kosthald. Denne nye vurderinga, publisert på oppdrag frå Mattilsynet, synte at alle aldersgrupper av befolkninga er tent med å auke inntaket av fisk frå dagens inntak til helsedirektoratet sitt anbefalte inntak på to til tre gonger i veka (tilsvarande 300–450 gram, inkludert minst 200 gram feit fisk for vaksne).

Samstundes understrekar VKM at auka inntak vil gjere at nesten alle aldersgrupper også vil overstige tolegrensa for nokre miljøgifter som dioksin og dioksinlike-PCB, og PFAS. VKM vurderte det generelle inntaket av fisk i norsk kosthald, både frå oppdrett og villfisk.

Les også: Ny nytte- og risikovurdering: Viktige helsegevinster av å spise fisk

Men kor god oversikt har vi eigentleg over innhaldet av miljøgift og næringsstoff i norsk fisk? Korleis er oppdrettsfisken samanlikna med villfisken, og korleis har nivåa endra seg over åra?

Mindre miljøgifter enn sin ville slektning

Ved Havforskingsinstituttet vert det utført omfattande overvaking av både oppdretts- og villfisk. For oppdrettsfisk er Noreg pålagt å ha årleg overvaking av både miljøgift, legemiddel og ulovlege stoff, og i 2021 vart over 2800 samleprøvar undersøkt. For villfisk finst det ikkje tilsvarande krav, men sidan 2006 har det vorte utført basisundersøkingar av kommersielt viktige artar som torsk, makrell, sild og sei, samt artar der det kan vere bekymring for høge nivå av framandstoff som kveite, brosme, blåkveite, lange og krabbe. I desse basisundersøkingane kartlegg ein nivå av miljøgift i størst mogleg del av området der artane vert fiska. Basert på resultata frå basisundersøking, føl ein gjerne også vidare opp med fleire undersøkingar for å sjå på utvikling over tid.

Analysar frå fleire artar over mange år har gjeve oss unike data på nivå av utvalde miljøgifter, og korleis desse har endra seg over tid. I våre data ser vi til dømes skiftet frå marine til vegetabilske råvarer nytta i fôr i høve til kva slag miljøgifter vi finn att i fisken.  Dei klassiske marine miljøgiftene som dioksin, PCB og metylkvikksølv har hatt ein tydeleg reduksjon frå tidleg 2000 tal til i dag. Dette er også nokre av dei viktigast kontaminantane, altså noko som forureiner, som vart vurdert av VKM. Faktisk har skiftet til vegetabilske råvarer gjort at dagens oppdrettslaks inneheld mindre av desse miljøgiftene enn sin ville slektning i havet, noko som kom fram i ein studie frå HI i 2017. Samstundes vil ei endring av fôret i ein meir vegetabilsk retning også kunne tilføre andre miljøgifter, til dømes sprøytemidlar eller muggsoppgift, som er viktig å følgje opp.

Bør vi då ete mindre fisk?

For villfisken er nivået av miljøgifter blant anna avhengig av geografi, alder og årstid. Fleire av miljøgiftene, som til dømes dioksin og dioksinlike-PCB, er feittløyselege stoff og vi finn dei difor gjerne mest i feit fisk, som til dømes laks, makrell og sild. Medan kvikksølv finn ein gjerne meir av i mager fisk, som til dømes torsk, sei og hyse.

Overvaking av sjømat er viktig for å sikre trygg mat. Dei siste åra har det kome oppdaterte tolegrenser for nokre miljøgifter, blant anna for dioksin og dioksinlike-PCB. Ei tolegrensa, som til dømes tolerabelt inntak per veke (TWI), vil sei kor mykje av eit stoff ein jamleg kan få i seg før det får negative helseeffektar. EFSA si vurdering synte at store deler av den europeiske befolkninga hadde et inntak av desse stoffa som var over tolegrensa, og fisk, saman med kjøt og meieriprodukt er, er ei av hovudkjeldene til dioksin og dioksinlike-PCB. Så bør vi då ete mindre fisk?

For å vurdere om fisk kan tilrådast i kosthaldet, så må ein i tillegg til å vurdere risiko også vurdere nytte. Det vil sei ikkje berre sjå på uønskte stoff, men også kva næringsstoff ei matvare inneheld.

Basert på si omfattande litteraturstudie, har VKM konkludert med at nytten av næringsstoff frå fisk er meir tungtvegande enn risikoen frå miljøgift. For fisk så har vi data på viktige næringsstoff som marin omega-3, jod og vitamin D. Vi finn mest av dei feittløyselege næringsstoffa, som til dømes vitamin D, i feit fisk som sild, medan mager fisk som torsk er ei god kjelde til jod. I tillegg så har, tilsvarande som for miljøgiftene, endringane i fôrråvarer ført til endringar i næringsinnhaldet i oppdrettslaksen. Vi ser mellom anna at nivået av dei viktige marine omega-3-feittsyrene har vorte redusert, men det er ønskjeleg med meir data på næringsstoff i fleire artar.

Resultat frå rundt 30 artar

Det er viktig med gode data på innhald av både framandstoff og næringsstoff frå sjømat for å kunne vurdere om vi bør inkludere sjømat i kosthaldet vårt. Havforskingsinstituttet sine analysar er difor eit særs viktig bidrag til vurderingane som VKM gjer av sjømaten. I tillegg vert data publisert opent for alle på våre nettsider. Dette er med på å gjere vurderingane transparente, og dessutan at alle kan enkelt kunne sjå kva sjømaten inneheld.

Data frå overvakinga kan du finne i Sjømatdatabasen. Her kan du finne resultat frå 2006 og til i dag, for både framandstoff og næringsstoff i fisk og anna sjømat. Sjømatdatabasen inneheld resultat frå rundt 30 fiskeartar, både oppdrett og villfisk, 15 skaldyr, rundt 50 sjømatprodukt og 20 ulike produkt av tang og tare. Til saman finnast det data på rundt 70 framandstoff og 70 næringsstoff. I Sjømatdatabasen kan ein også sjå korleis nivåa har endra seg over tid. Ein kan også bruka samanlikningsfunksjonen for å samanlikne nivåa av framand og næringsstoff i ulike artar.

Les også: – Viktig å vite hva sjømaten inneholder