Gå til hovedinnhold

Slik skaffar forskarane svar på om torsk blir forstyrra av seismikk


Kate og Lise reinskar utstyr i båt på fjorden.

Forskar Lise Doksæter Sivle (til høgre) og postdoktor Kate McQueen reinskar utstyr på feltarbeid i Bakkasund i Austevoll.

Fotograf: Runar Bjørkvik Mæland / HI

Sidan 2019 har havforskarane merkt torsk i Bakkasund i Austevoll og «plaga» dei med støy i gyteperioden. Målet er å kunna gi betre råd om seismiske undersøkingar.

Havforskingsinstituttet (HI) gir råd til alle seismikk-undersøkingar som blir gjort i norske farvatn. Eit av råda er å unngå seismikk i gyteperioden, som er kritisk for overlevinga og reproduksjonen til fisk.

Les meir om rådgivinga: Fraråder seismikk i viktige gyteområder

Rådet har bakgrunn i eit storskala forsøk som blei gjort på 1990-talet, der ein såg at både torsk og hyse blei skremt bort frå området under seismikk-skytinga. Studien blei gjort om sommaren på beitande fisk i Barentshavet.

– Det har ikkje blitt gjort liknande studiar på gytande torsk, så difor har det vore usikkert om ein ser den same unnvikande åtferda også i gyteperioden. Derfor sette vi i gang SpawnSeis-prosjektet, som undersøker nettopp korleis seismikk påverkar gytande torsk, seier havforskar Lise Doksæter Sivle.

Merkte torsk i gyteområde

I SpawnSeis-prosjektet som starta i 2019 (sjå faktaboks) har forskarane merkt torsk med akustiske sendarar i eit gyteområde i Austevoll kommune i Vestland.

Sjå video frå torskemerking: Skal forstyrre torsken midt i akta

I to sesongar – 2020 og 2021 – har forskarane vore ute med luftkanonar og eksponert torsken for seismikk under gyteperioden. Resultata frå desse forsøka skal etter planen publiserast i løpet av året.

Les meir og sjå bilete frå forsøka: Her skyt forskarane seismikk på gytande torsk 

Testa ny teknologi

Våren 2022 gjorde forskarane nye forsøk med ein ny teknologi for seismikk-undersøkingar, såkalla marin vibrator. I staden for dei korte smella som kanonane gir frå seg, lagar denne ein svakare, men kontinuerleg lyd.

– Ein hypotese er at marin vibrator kanskje skremmer fisk og sjøpattedyr mindre enn luftkanonar, sidan lyden er lågare, samt at det reduserer risikoen for høyrsleskadar, seier havforskar Sivle.

– På den andre sida kan det hende at den jamne duren frå vibratoren fører til at torsken flyttar seg til eit stillare område, eller at den reduserer vokaliseringa som er heilt essensiell for vellykka gyting.

Kate og Lise i båt på fjorden.
Ut og hente data: postdoktor Kate McQueen og forskar Lise Doksæter Sivle. Fotograf: Runar Bjørkvik Mæland

Lyttebøyer tar imot signal frå torsken

Ute i Bakkasund, der forsøka føregår, har forskarane plassert ut eit nettverk av lyttebøyer, eller mottakarar, som tar imot signala frå torskane som er merka med sendarar.

Slik teknologi blir også kalla telemetri, som betyr fjernmåling.

– Mottakarane registrerer informasjon om posisjonen, djupna og akselerasjonen til torsken. Når tre ulike mottakarar registrerer ein torsk, kan vi plotte posisjonen nøyaktig i tre dimensjonar, forklarer postdoktor Kate McQueen.

Telemetri og stordata-analyse blir i aukande grad brukt i havforskinga. Det gir heilt nye moglegheiter for å forstå korleis dyr rører seg i det frie og korleis dei reagerer på ulike forhold i miljøet. Les meir: Stordata avslører dyras hemmelege liv

Gir grunnlag for gode råd

I mai og juni var havforskarane, godt hjelpt av lokale fiskarar, ute for å hente ut data og skifte batteri på dei tilgrodde mottakarane i Bakkasund (sjå film øvst i saka).

– Mottakarane er merka med blåser, slik at vi lett kan finna dei og ta dei om bord. Vi markerer alltid posisjonen og djupna der vi finn mottakaren, seier Kate McQueen.

Etter datatømming og batteriskifte er mottakarane klare for å stå ute og samle torskedata eit år til.

I mellomtida skal dataa frå den siste gytesesongen klargjerast for analysar og publisering. Når dei blir samanlikna med resultata frå dei tidlegare SpawnSeis-forsøka, vil det kunna gi svar på korleis marin vibrator påverkar fisken i forhold til tradisjonelle luftkanonar.

Dermed vil også havforskarane kunna gi oppdaterte, kunnskapsbaserte råd om framtidige seismikk-undersøkingar.

Sjå video frå forsøket