Gå til hovedinnhold

Status for norsk-russisk forskarsamarbeid


folk sorterer fisk på bånd om bord på båt

Frå økosystemtoktet i Barentshavet 2018. Anders Fuglevik, Erlend Langhelle, Irene Huse, Stine Karlsson og Holly Ann Perryman sorterer fangsten frå ein botntrål. 

Fotograf: Erlend A. Lorentzen / HI

Krigen i Ukraina får konsekvensar for det norsk-russiske forskingssamarbeidet til Havforskingsinstituttet. 

Oppdatert 30. mars 2022: 

Det internasjonale havforskingsrådet ICES har mellombels suspendert alle russiske deltakarar frå alle ICES møter, med verknad frå onsdag 30. mars. 

Det melder ICES i ei pressemelding onsdag. Norge er ein av 20 nasjonar i ICES-samarbeidet. 

Forskingsdirektør Geir Huse ved Havforskningsinstituttet (HI) er ein av to norske delegatar i ICES-rådet, som står bak avgjersla om å midlertidig utestenga russarane. 

– Det er sjølvsagt trist at vi er i denne situasjonen, men det er realitetane vi må forhalda oss til. Vi håpar at suspensjonen blir kortvarig. No er det viktig å jobba for å finna gode løysingar på korleis vi kan gjennomføra bestandsvurderingar og gje kvoteråd for bestandane vi deler med Russland, i Barentshavet. Kvoteråd legg grunnlaget for berekraftig fiskeri, robuste bestandar og økosystem i nord. Derfor må vi handtera denne situasjonen, både på kort og eventuelt på lengre sikt, seier Huse. 

Lang tradisjon for samarbeid 

Norske og russiske havforskarar har samarbeida tett i mange tiår. Forskarane har delt forskingsdata, reist på tokt og drøfta seg fram til kvoteråd for bestandane i Barentshavet i saman. 

Sidan 1958 har forskarar frå dei to landa møttest årleg for å diskutere fag og planleggje felles tokt, konferansar og møter. I 1965 drog forskarane på sitt første felles tokt. 

I våre dagar samarbeider norske og russiske forskarar mellom anna om verdas mest omfattande økosystemtokt.

Data frå dette toktet dannar grunnlag for kvoteråd og anbefalingar til den heilskaplege forvaltinga av Barentshavet. 

HI sitt samarbeid med Russland skjer i all hovudsak gjennom det sentrale, russiske fiskeriforskingsinstituttet VNIRO si nordlege avdeling i Murmansk, som tidlegare bar namnet PINRO. 

gruppebilder av mange forskere på en trapp
Samlet: Norske og russiske havforskere på trappen utenfor VNIRO i Murmansk i 2019. Foto: Gunnar Sætra/HI