Gå til hovedinnhold

Magnetfelt frå sjøkablar kan bremse hyselarver


To små hyselarver.

Hyselarver. Larvene i studien kom frå hyser som var villfanga nær HI sin forskingsstasjon i Austevoll, der forsøka blei gjennomført.

Fotograf: Alessandro Cresci / HI

Då dei blei eksponerte for magnetfelt av same styrke som frå sjøkablar, svømte hyselarvene saktare. Forskinga gir ny kunnskap om korleis havvindparkar kan påverke livet i havet.

Havvind-parkar og andre energianlegg til havs er forbunde med undersjøiske høgspentkablar som produserer magnetiske felt. Desse kan påverka fisk som sym eller driv i nærleiken – særleg fiskelarver som har mindre evne til å symja vekk frå kablane.

Havforskarane har no sett på kva effekt dette kan ha på hysa – ein kommersielt og økologisk viktig art i Nordsjøen, og eit populært val i fish & chips.

– Vi ville finne ut om larvene som driv i område der det er planlagt havvindturbinar kan bli påverka av magnetfelt av same styrke som dei som blir genererte av sjøkablane som forbind turbinane, seier Alessandro Cresci, postdoktor ved Havforskingsinstituttet (HI).

Reduserte svømmeaktiviteten

Forskarane sette opp eit eksperiment som simulerte eit scenario der fiskelarver svømte eller dreiv forbi ein undersjøisk kabel. Åtferda til larvene blei filma og analyserte av forskarane.

– Å bli eksponert for magnetfeltet meir enn halverte svømmeaktiviteten til det store fleirtalet av hyselarvene. Det reduserte også akselerasjonen deira betydeleg, seier Cresci om resultata frå eksperimentet.

– Ein slik reduksjon i svømmeaktivitet kan påverka spreiinga og overlevinga til larvene i naturen.

Svømmer etter sitt eige kompass

I tidlegare forsking har Cresci og kollegaene funne ut at hyselarver ikkje berre driv passivt med straumen; dei sym også aktivt i nordvestleg retning, etter eit indre magnetisk «kompass».

Les meir i denne saka: Hysa har innebygd kompass

Denne retningsstyrte svømminga er med på å bestemma kor dei nyklekte larvene hamnar etter gyting. Viss svømmeaktiviteten blir bremsa ned av undersjøiske kablar, kan det difor påverka spreiinga deira og redusera sjansane deira for å overleva.

– Difor ønskte vi å forstå om hyselarver, som vil driva i område der offshore vindturbinar er planlagt, blir påverka av magnetiske felt i intensitetsområdet til dei som blir genererte av undervasskablane som forbind turbinane, seier havforskaren.

Les også: Hyselarver svømte saktere etter elektromagnetisk «oljeleting»

Realistisk etterlikning i forsøkstank

Eksperimentet blei gjennomført i ein spesiell tank som var bygd for formålet, med elektriske spolar som kunne indusera magnetiske felt i eine halvdelen av tanken. Styrken på magnetfeltet var den same som frå vanlege sjøkablar.

Oppsettet gav dermed ei realistisk etterlikning av det larvar vil kunna oppleva når dei sym eller driv nær ein undersjøisk høgspentkabel i naturen.

– Vi sette ut ei larve om gangen midt i bassenget, slik at dei kunne svømma fritt mellom sida med det kunstige magnetfeltet og sida utan magnetfelt. Så observerte vi åtferda deira i eit kvarter, forklarer Cresci.

Halvparten av larvene blei utsette for magnetfelta; resten blei observerte under tilsvarande forhold, men med dei elektriske spolane slått av, slik at dei berre blei eksponerte for det naturlege magnetfeltet til jorda. Desse fungerte som kontrollar i forsøket.

Eksperimentet vart utført i mørket, utan nokon visuelle stimuli som kunne påverka åtferda til larva. Åtferda til larva blei filma av eit kamera som er fangar opp infraraudt lys.

Figur som viser oppsett for eksperimentet.
Teikningane til venstre viser oppsettet til tanken med svømmebanar og elektriske spolar. Grafane til høgre viser intensiteten i magnetfeltet hyselarvene blei eksponerte for når dei svømte frå eine til andre sida i svømmebanen. Figur: Cresci et al. (2022).

Klare forskjellar

Hyselarvene viste tydelege forskjellar i utforskande åtferd: Eit mindretal på 20 prosent av larvene var svært utforskande, og svømte fram og tilbake i bassenget. Det store fleirtalet var derimot ikkje-utforskande, og heldt seg på den eine sida av svømmebana.

Effekten var ulik mellom dei to gruppene:

Eksponeringa for magnetfeltet reduserte svømmehastigheita til dei ikkje-utforskande larver med meir enn halvparten (60 prosent) samanlikna med kontrollane. Akselerasjonen deira vart òg sterkt redusert (med 38 prosent). For dei utforskande larvene det ingen effekt.

– Denne selektive påverknaden på dei ikkje-utforskande individa kan potensielt ha følgjer for hysebestanden i naturen, seier forskar Alessandro Cresci.

Unike og viktige funn

Forsøket på hyselarver inngår i eit større forskingsprosjekt ved HI om verknaden av havvindparkar på fiskelarver. Prosjektet kartlegg effektar både av magnetfelt frå sjøkablar og driftsstøy frå vindmøller.

I ein studie publisert tidlegare i år fann forskarane ingen signifikant effekt av magnetiske felt på larver av tobis, ein nøkkelart i Nordsjøens økosystem. Forskarane planlegg no å gjera eit tilsvarande eksperiment på torskelarver.

I tillegg har dei gjort unik forsking på korleis fiskelarver blir påverka av lågfrekvent lyd tilsvarande den vindturbinane produserer.

Les meir: 

– Utbygginga av havvindindustrien er i gang, og det går fort. Vi har gjort betydelege framsteg i forståinga av dei moglege konsekvensane dette kan ha i dei sårbare tidlege livsfasane til fisk, seier Cresci.

– Resultata våre gir nokon av dei første bevisa på moglege økologiske påverknader av havvindutbygging. Denne typen forsking bør takast i betraktning når ein vurderer kva den vidare utbygginga kan bety for livet i havet, understrekar forskaren.

Referanse

Cresci, Alessandro, Caroline M. F. Durif, Torkel Larsen, Reidun Bjelland, Anne Berit Skiftesvik, Howard I. Browman. «Magnetic fields produced by subsea high voltage DC cables reduce swimming activity of haddock larvae (Melanogrammus aeglefinus)». PNAS Nexus, 2022. Lenke: doi.org/10.1093/pnasnexus/pgac175