Gå til hovedinnhold

Kartla tobis på Vestlandskysten med nytt kystforskingsfartøy

Dermed blei det testtokt i dobbel forstand.

Tobis, eller sil, er eit viktig byttedyr for mange artar av fisk, sjøfugl og sjøpattedyr.

Havforskarane veit mykje om tobisen i Nordsjøen – der er arten ein fiskeriressurs av stor betydning. Dei veit mindre om tobis langs kysten, men jobbar med saka langs fleire frontar.

Derfor har forskarar frå HI og Runde miljøsenter no vore på kartleggingstokt med vårt flett nye kystforskingsfartøy «Prinsesse Ingrid Alexandra». Skipet var lasta med ei spesiell skrape som fangar tobisen når han ligg  nedgraven i sanden om natta.

Fann mykje på Sunnmøre

– I dei avgrensa stikkprøvane våre fann vi tobis på sandbanker langs heile kyststrekket frå Sogn til Sunnmøre, men først i store mengder nord for Stad, seier forskar Kjell Nedreaas.

Basert på havbotnkart og kunnskap frå kystfiskarar, ville forskarane dokumentere tobisfelt langs kysten som dei kan følge opp i framtida for å sjå utvikling.

På stasjonane i Gulen fekk dei mellom null og ei handfull tobisar i skrapa. Men i Mulevika nær fuglefjellet på Runde gjorde forskarane to hal med imponerande 4000 tobisar. Fire av fem norske tobis-artar var representerte, men havsilen dominerte. Slik er det også i Nordsjøen.

foto av havsil
Havsil av 2022-generasjonen (Foto: Cristoph Noever / Runde Miljøsenter)

Har tobisen i havet og ved kysten same opphav?

Eit stort forskingsspørsmål er i kva grad tobisane ved kysten står på eigne bein eller om dei er avhengig av «påfyll» frå bestanden i havet. Anten i form av innsig av vaksen tobis, eller at nyklekte tobislarvar driv med straumen frå hav til kyst.

– For å finne svar på dette har vi tatt DNA-testar og samla inn øyresteinar til kjemisk analyse. Dette kan fortelje oss noko om oppvekstmiljø og familietreet, seier Nedreaas.

Ungfisken dominerte

Havsilar kan bli meir enn 10 år gamle om dei ikkje blir etne eller fiska, men i skrapa fekk forskarane nesten berre fisk frå 2022. Det kan skuldast fleire ting.

– Skrapa fangar dei minste fiskane best. 2022 var også ein sterk årsklasse, og dei yngste fiskane er dei som har hatt minst tid til å bli etne av annan fisk og fugl, forklarer Nedreaas. 

– Kart over havbotnen er ein føresetnad for å finne tobisfelt

Tobisen svømmer rundt på dagtid, og grev seg ned i sanden om natta. Han er derfor avhengig av å leve nær sandbotn.

For å finne leveområde å ta stikkprøver av, har forskarane vore avhengige av dei nye havbotnkarta frå kartleggingen som er gjort i Marine grunnkart i kystsonen. Havbotnen er allereie beskriven i detalj i enkelte regionar, slik som mellom Gulen og søre Sunnmøre, der toktet gjekk.

foto av mann inni skip med skjerm og kart
Kjell Nedreaas går gjennom ruta. Gulfargen i kartet er sandbotn av ulike typar. Du kan sjølv sjå havbotnen i kartløysinga til NGU. (Foto: Erlend A. Lorentzen / HI)

– Sidan tobisen er så viktig for sjøfugl og andre dyr, ønsker vi å finne ut i meir detalj om visse typar havbotn kan vere viktige å verne om. Då er grunnkarta ein føresetnad, seier Nedreaas.

Han samanliknar med dei stadig sjeldnare ålegras-engene, som forvaltninga er opptatt av å beskytte.

– Sandbotn er utsett for menneskeleg påverknad sidan det er så enkelt å plassere ting på det. For eksempel oppdrettsanlegg, vindturbinar eller andre installasjonar, forklarer han.

Nytt tokt med ny båt

Og så var det det nye kystforskingsfartøyet «Prinsesse Ingrid Alexandra» då, som fekk sitt aller første tokt med den aller første kysttobiskartlegginga.

– Båten viste seg å vere heilt ypparleg til denne typen arbeid. Den er smidig inn i bukter blant holmar og skjer, og haler fint ei tobisskrape. Bemanninga var også passeleg med fleksibelt mannskap, seier Kjell Nedreaas.

foto av båt ved kai
"Prinsesse Ingrid Alexandra" ved kai på Solund Verft (Foto: Cristoph Noever / Runde Miljøsenter)

Målet er å følge opp årets funn med prøvetakingar dei same plassane i framtida. Anten via tokt eller på andre måtar. Vi vil også finne nye referanseområde langs heile Norskekysten når marine grunnkart kjem på plass.

Forskarane på Runde Miljøsenter har sett i gang ei lokal overvaking rundt Runde med ei mindre tobisskrape (sjå faktaboks).

tobiskollasj-inni.png

Tobisen har det greitt i sør, men slettes ikkje på belasta Vikingbanken

Det er kortversjonen av ein ny rapport om status og sårbarheit for tobis frå HI til Miljødirektoratet.

tobis.JPG

Rapportar om tobis-kok på vestlandskysten, igjen

Langs vestlandskysten dukkar det no opp observasjonar av store mengder tobisyngel heilt inne i fjæresteinane. Fram til 70-talet var dette eit årleg fenomen.