Gå til hovedinnhold

Granskar korleis «veteranrøya» reagerer på lakselus


Mange sjørøyer som svømmer i en grunn elv. Både elvebunnen og vannoverflaten er tydelige.

No skal havforskarane finne ut korleis lakselus påverkar den vaksne sjørøya. Her sym sjørøyer i ein kulp i Ringvatnet på Ringvassøy.

Fotograf: Thomas Bøhn/HI

For første gang skal vaksen sjørøye med radiosendar fortelje kva som skjer med fisken når lakselusa bit seg fast

– Sjørøya er lite studert, men ho er særleg sårbar for klimaendringar. Om ho vert infisert av lakselus i tillegg, kan arten verte råka av multistress og bestandsreduksjonar, seier havforskar Thomas Bøhn.

Han er no på Ringvassøya, nært Tromsø. Der er havforskarane i gang med eit felteksperiment ingen har gjort før. 

Dei har smitta vaksne røyer med lakselus, samstundes som dei har merkt fiskane med akustiske merke. Dei akustiske merkene «pratar» med lyttebøyer i sjøen, og let forskarane sjå kor fisken sym.

Målet er å undersøke kva som eigentleg skjer med sjørøya når ho vert utsett for lakselus. Dersom det vert meir lakseoppdrett i Nord-Noreg, i opne merdar, kan ein forvente auka problem frå spreiing av lakselus.

– Om ein skal studere effekten av lakselus, er det viktig å gå ut frå laboratoriet og ut i felt for å få realistiske og gode forskingsdata, seier Bøhn. 

Den yngre garde og «veteranane»

Lakselus er ein parasitt som finst naturleg i norske farvatn, men førekomsten av ho har auka i takt med oppdrettsnæringa. Di fleire laksefisk i vatnet, di fleire potensielle vertar for lusa. Sjørøya vert eksponert for lakselusa når ho vandrar frå elva si og ut i sjøen for å beite. 

Tidlegare studiar frå det same vassdraget har dokumentert at den førstegangsutvandrande sjørøya (smolten) endrar åtferd på grunn av lakselus. Di meir lakselus på ei sjørøye, di kortare opphald hadde ho i sjøen. Då veks fisken mindre.

No er det veteran-røya som vert granska. 

På same vis som ein forskar på helsa til vaksne menneske, sjølv om ein tidlegare har forska på barnehelse, så er alle livsstadia hos fisken viktige for å granske populasjonen. 

– Lakselus har andre helseeffektar på ein liten fisk, enn på ei vaksen sjørøye, seier havforskaren. 

Ei sjørøye ligg i eit kar med vatn. Ho har eit sting i buken, der ein liten radiosendar har vorte sett inn. Den skal fortelje kor fisken sym.
Sjørøya har fått eit lite akustisk merke i buken som skal fortelje kor fisken sym. Foto: Thomas Bøhn/HI

Ein liten fisk toler færre lus før dei vert skadde, enn ein stor fisk. Samstundes har den vaksne fisken gått gjennom kjønnsmodning, og kjønnsprodukt og regulering av desse kan potensielt verte påverka av lakselus. 

Dei unge sjørøyene og dei vaksne sjørøyene har i tillegg ulike vandringar i sjøen, ulik opphaldstid og dei et forskjellig mat. 

– Dei vaksne røyene kan såleis vere meir robuste for nokre faktorar, men meir sårbare for andre, seier Bøhn.

Tek blodprøver av fisken

Sidan feltstudiet tek føre seg vaksen sjørøye, så tek også havforskarane blodprøver av fisken.

– Då får vi ein drøss tilbakemeldingar på mange blodparameter, som fettsyrer og kjønnshormon, som samla sett fortel om han er i god form, har gode kroppsreservar og om ein ser spor av eventuelle negative effektar av lakselus. 

Det er viktig å få gode data på veteranrøya, seier havforskaren:

– Det er dei vaksne fiskane som gyt, rekrutterer og er grunnlaget for bestanden.