Perlesnormaneten vert delt i mindre bitar av både turbulens, bølgjer og fysiske hindringar.
Fotograf: Erling Svensen / HavforskningsinstituttetPublisert: 15.11.2023 Oppdatert: 20.11.2023
Det er meldt om auka førekomst av perlesnormanet langs norskekysten, særleg på Vestlandet.
I løpet av førre veke fekk forskar Tone Falkenhaug inn kring 250 observasjonar av maneten – gjennom Dugnad for havet, på e-post og via telefon.
– Det har hagla inn med registreringar, seier Falkenhaug.
Perlesnormaneten er ikkje farleg for menneske, endå han kan svi, men han kan vere skadeleg for fisk.
Perlesnormaneten er ein koloni sett saman av mange mindre individ. Nokre av desse individa har sterk neslegift for å beskytte kolonien og skaffe mat.
Maneten kan verte opptil 30 meter lang, men vert delt opp i mindre bitar av både bølgjer, turbulens og fysiske barrierar – som merdar. Innan han når norskekysten, kan han difor vere i mange små delar.
– Men neslecellene kan brenne anten maneten er 5 meter eller 30 centimeter lang, seier Falkenhaug.
To gongar tidlegare har perlesnormaneten ført til auka dødelegheit i oppdrettsanlegg.
I 1997 døydde i alt 10-12 tonn laks på to anlegg ytst i Øygarden og Fedje, medan eit ukjent tal tonn vart naudslakta. I 2001 var det 600 tonn fisk som døydde, derav 400 tonn i Trøndelag.
I 1997 var første gong auka dødelegheit i oppdrettsmerdar vart sett i samanheng med auka førekomst av perlesnormanet langs norskekysten.
Då dreiv store mengdar perlesnormanet inn mot merdane ved eit anlegg i Fedje, og gjekk i oppløysing då dei trefte notveggen, slik at dei gjekk gjennom maskene.
– Det er fremst desse små bitane som kan verte problematiske. Om individ med nesleceller kjem inn i ein merd og treffer fisk, kan han få sår og skadar på gjellene, seier forskingsleiar Lars Helge Stien.
Erfaringane frå 1997 synte at effektane på fisken varierte frå redusert appetitt og endra åtferd til død.
Fisken som kom i kontakt med manetane fekk brannskadar på skinnet med auka fare for infeksjonar. Det oppstod òg augeskadar hos fisken, noko som kan øydelegge synet.
Laksen som døydde hadde fått manetane i gjellene.
– Viss gjellene får store skadar kan dette medføre at fisken blir kvelt, særleg viss det òg oppstår stress og panikk i populasjonen. Dette kan òg gi ytterlegare fysiske skadar på fisken viss den sym i notveggen eller dei kolliderer med kvarandre, seier Stien.
Samstundes kan nærkontakt med maneten få følgjer på sikt:
– Kalde vintertemperaturar påverkar fisken og gir redusert immunforsvar, så om ein fisk får sår no, kan dette gi inngang for opportunistiske bakteriar, og dødelegheit utover vinteren. Enn så lenge er det heldigvis relativt varmt i sjøen, seier Stien.
Det er framleis kunnskapshol om perlesnormaneten og følgjene han kan ha i norske farvatn.
Kunnskapen vi har i dag tyder på at maneten kan førekome i heile vassøyla, noko som gjer det utfordrande for oppdrettsnæringa å finne avbøtande tiltak om store mengder av maneten er komen nært anlegg.
Tiltak som luseskjørt eller boblegardiner kan potensielt stenge han ute, men om små manetindivid då er komne på innsida av merden, kan dette stenge maneten inne hos fisken.
Erfaringane frå Øygarden tilsa at det var fisken som heldt seg i overflata som var mest utsett for å verte brent av manetane.
Havforskar Tone Falkenhaug presiserer at det er utfordrande å seie noko sikkert om kor mange og i kva tettleikar perlesnormanet no førekjem langs norskekysten.
Talet observasjonar kan ha auka som følgje av at publikum er meir årvakne på havet etter å ha lese om maneten i avisa.
Mønsteret ein ser til no i haust, liknar mønsteret frå i fjor. Då tok observasjonane av perlesnormanet seg kraftig opp i november – og så dabba dei av i januar.