Gå til hovedinnhold

Sameksistensgruppa diskuterer framtida for havvind

OED si sameksistensgruppe møttest i Bergen for siste forskingsnytt og diskusjonar om følgjene av havvindsutbygging på norsk sokkel.

Havforskingsinstituttet var vertskap då Olje- og energidepartementet si sameksistensgruppe møttest til fagleg fordjuping og havvindsdiskusjonar i Bergen måndag 30. oktober. 

Gruppa består av Havforskingsinstituttet, DNV, Fiskarlaget, Fiskebåt, Fornybar Norge, Offshore Norge og WWF Verdens naturfond, og vert leia av Olje- og energidepartementet. 

Reell sameksistens – kva er det? 

Havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø ønskte velkommen. I si innleiing understreka han at ein må leggje den totale økosystempåverknaden til grunn, om ein skal lukkast med sameksistens i ordets fulle betydning. 

– Enkeltsektorar har ein effekt, men økosystema – natur, miljø og dyreliv – må forhalda seg til summen av all påverknad, sa Kvamstø. Han peika på at sameksistensutvalet må ta stilling til krevjande dilemma.

– Havvind har lokale påverknader som kan ha til dels alvorlege konsekvensar. Samstundes kan havvind erstatte fossile energikjelder og slik vere med å bremse effektane av klimaendringane – som på sikt truleg er ein større trussel for økosystema. 

Siste nytt frå forskingsfronten

Økosystempåverknaden vart utdjupa i den faglege delen. Havforskar Karen de Jong presenterte siste nytt frå WindSys-prosjektet

Det treårige forskingsprosjektet har som mål å finne ut meir om korleis flytande vindturbinar i Nordsjøen påverkar fiskebestandar – med Hywind Tampen som «prøvekanin». Forskarane kartla området før utbygginga starta, og er no godt i gang med med nye undersøkingar.

dekk på forskningsfartøy ute på havet i sol med vindturbiner i horisonten
På tokt: Forskningsfartøyet G.O. Sars på Hywind Tampen mars 2023. Foto: Anne Christine Utne Palm/HI 

Havforskar Anne Christine Utne Palm følgde opp med rykande ferske resultat frå sitt FHF-prosjekt om sameksistens mellom fiskeri- og havvindsnæringa

Forskingssjef Frode Vikebø snakka om MAREANO-kartleggingane, Coastrisk og Coastwatch. Dei to siste prosjekta ser på totalpåverknad – og kan nettopp vise kor det er risiko for at økosystemet vert overbelasta og kor det eventuelt er mogeleg å ta ut meir økosystemtenester. 

Forskingssjef Henning Wehde gav også smakebitar frå OLAMUR. Fyrtårn-prosjektet tek sameksistens eit steg vidare, då 25 partnarar frå europeisk forsking og industri går saman om å dyrke tare og blåskjel i to eksisterande vindparkar til havs og eit oppdrettsanlegg for regnbogeaure. 

Lære av gamle feil 

Undervegs var det mange gode innspel og spørsmål frå næringane som er representerte i utvalet.

Det er gjennomgåande semje om at komande satsingar bør ha ein høg standard for kunnskapsinnhenting og at ein bør unngå å gjere oppatt feil frå eksisterande utbygging. Blant anna vart det vist til at ein måtte læra mest mogeleg av Hywind Tampen-prosjektet. Anlegget har kome i konflikt med fiskeria som er i området. Fiskerinæringane peika på at dette godt på veg kunne vore unngått dersom det vart teke omsyn til høyringsinnspela frå næringa.