Gå til hovedinnhold

Ny blekksprut identifisert i Barentshavet


En åttearmet blekksprut med rødlig farge mot en svart bakgrunn

Muusoctopus aegir har aldri vorte skildra vitskapeleg før no. 

Fotograf: Svanhildur Egilsdóttir (HAFRO)

Framleis er det store kunnskapshol om djuphavsblekksprutar. No har forskarane skildra ein ny art.

Heilt ned til 2500 meters djup i arktiske farvatn lever ein blekksprut som til no har vore eit uskrive ark. 

I haust vart han skildra vitskapeleg for aller første gong:

Muusoctopus aegir. 

Han er ein djuphavsblekksprut som lever på havbotnen, der han et andre smådyr. Han er vidt utbreidd – frå Island, langs kontinentalskråninga utanfor Noreg, heilt nord til Svalbard og austover til Karahavet. 

– Det å oppdage og vitskapeleg identifisere artar er forferdeleg viktig – elles kan vi miste dei før vi i det heile visste at dei var her, seier Lis Lindal Jørgensen.

Havforskaren er ein av artikkelforfattarane som no har introdusert blekkspruten for vitskapen. 

Stjerner i augo

Kvart einaste år reiser Havforskingsinstituttet på økosystemtokt i Barentshavet. 

Medan bølgjene slår mot baugen, står havforskarane støtt langs «samlebandet» for å sortere artane som er hanka inn med trålen. 

– Dei same artane kjem opp individ etter individ, og vi sorterer både stort og smått, men plutseleg er det noko som skil seg ut. 

Seks personer står langs et sorteringsbord under dekk på et forskningsfartøy. De har alle på seg arbeidstøy og fremfor dem på bordet ligger trålfangsten
HI sitt økosystemtokt i Barentshavet er eitt av fleire tokt, der Muusoctopus aegir har dukka opp i fangsten. Arkivfoto: Erlend Astad Lorentzen

Lodde etter lodde og sild etter sild, men så: ein blekksprut ein bit seg merke i. Kanskje er armane eit knepp lenger enn hos andre, fargane ein smule annleis eller så har blekkspruten eit uventa tal sugekoppar. 

Jørgensen har vore på tallause tokt over mange år, men ho vert aldri vand til å få slike overraskingar i trålen – for det er langt frå kvardagskost. 

– Det er ei ufatteleg glede. Eg får stjerner i augo og går nesten i kne av det, seier ho og smiler frå øyre til øyre. 

Har finstudert 25 individ

Havforskarane mistenkte at dei hadde med ein ny art å gjere allereie i 2012, men det tek tid å samle nok individ, nok data og nok detaljar til å vere sikre. 

Det er forskar Alexey Golikov frå tyske GEOMAR i Kiel som har teke Muusoctopus aegir i nærare augesyn. Blekkspruteksperten har fleire gongar teke sjøbeina fatt og vore med på økosystemtoktet i Barentshavet for å samle materiale.

Golikov har finstudert 25 individ henta inn frå ulike tokt over fleire år, og samanlikna kvar minste detalj med andre kjende artar. 

– Lengda og breidda på kroppsdelane, og dessutan talet sugekoppar på armane skil seg frå andre kjende blekksprutar. Til saman syner totalbiletet at Muusoctopus aegir er ein heilt eigen art, forklarar Jørgensen. 

Muusoctopus aegir 

Namnet på den nydøypte blekkspruten viser at han høyrer til slekta Muusoctopus. Av dei 12 blekksprutane ein i dag kjenner til frå arktiske område, høyrer fire til denne slekta. 

Aegir kjem av Ægir, jotunen som herska over havet i norrøn mytologi. 

Muusoctopus aegir er ein relativt liten blekksprut, som kan verte opptil 23,5 centimeter lang. Han er brunleg i fargen, med bleikare område på buken og eit kvitt felt kring munnen. 

Han er ein åttearma blekksprut, og i familien blekkfrisprutar (Enteroctopodidae) – altså av det blekklause slaget.

En blekksprut ligger spreidd ut på eit bord
Denne blekkspruten vart teken om bord forskingsfartøyet «Helmer Hanssen» under økosystemtoktet i Barentshavet i 2012. Foto: Alexey Golikov (GEOMAR) 

Den andre ukjende blekkspruten

I tillegg til den nyskildra Muusoctopus aegir omtalar forskarane ein annan blekksprut som Muusoctopus sp. fordi dei til no ikkje har nok individ til å stadfeste kor han høyrer heime på slektstreet. 

– Truleg er han ein variasjon av Muusoctopus aegir og ikkje ein eigen art, men vi har ikkje nok data til å seie noko sikkert, seier havforskaren og forklarar: 

– Det er litt som med menneske, vi er forskjellige – nokon har blå auge og andre brune, men vi er same art likevel. Så vi må finne ut av kva spennet innanfor ein art er, før vi kan seie om noko er særeige eller ikkje. 

Framleis mykje vi ikkje veit

Endå er det mykje vi ikkje veit om Muusoctopus aegir og livet hans langt, langt under vasskorpa. 

– Det er ein mystikk rundt desse djuphavsblekksprutane, fordi det er så mange usvara spørsmål. Vi veit altfor lite om dei, og difor er òg alle kunnskapsbitane vi klarar å samle veldig verdifulle, seier Jørgensen. 

Blekkspruten har ikkje dukka opp i fangsten kvart økosystemtokt, men det er heller ikkje kvart år ein undersøker djupt nok i havet til å nå han. Det er heller ikkje kvart år blekksprutekspertar mønstrar på for å bistå i få auge på alle dei små forskjellane mellom artar.

– Det er ikkje utan grunn ein seier at ein veit meir om månens overflate enn om djuphavet, for det er dyrt, og krev både tid og ressursar å utforske havdjupna, seier Jørgensen.

 

Referanse: 

Golikov, A.V., Gudmundsson, G., Blicher, M.E. Jørgensen, Lis L. et al. A review of the genus Muusoctopus (Cephalopoda: Octopoda) from Arctic waters. Zoological Lett 9, 21 (2023). https://doi.org/10.1186/s40851-023-00220-x