Klamremaneta har dukka opp i fleng i sommar: – Kysten av Skagerrak opp til Stavanger er ein hotspot, der det er tett mellom observasjonane, seier havforskar Tone Falkenhaug.
Fotograf: Håkon Tverdal / Dugnad for havet, HavforskingsinstituttetPublisert: 19.08.2025
– Vi har fått rekordmange obervasjonar av klamremanet. Ho er observert frå svenskegrensa og heilt til Ålesund, fortel havforskar Tone Falkenhaug.
I fjorårets sommarmånadar fekk Havforskingsinstituttet inn 20 observasjonar av småmaneta.
I løpet av årets sommar har vi fått 110 observasjonar.
– Klamremaneta er ikkje ny i norske farvatn. Det er over 100 år sidan ho vart observert her for første gong, og sidan har ho vorte registrert sporadisk langs Skagerrak-kysten. Men at vi har fått så mange observasjonar tyder på at ho har spreidd seg, seier Falkenhaug.
Havforskaren presiserer at årets tal kan vere noko høgt, då mediemerksemd driv observasjonstalet opp og registrerte funn utan bilete kan vere andre småmaneter. Berre funn ho kan validere vert brukt i vitskapeleg arbeid.
Starten på manetsommaren var prega av glasmanet og brennmanet. Meir om det her.
Klamremanet (Gonionemus vertens) er ein framandart i Noreg, og høyrer eigentleg heime i Stillehavet.
– Ho kan ha kome hit som ein blindpassasjer med ballastvatn, som påvekst på skipsskrog eller via østersimport, seier havforskaren.
Maneta førekjem ofte åleine og ikkje store mengder, slik som til dømes glasmaneta. Ho kan også halda seg på same plass over lenger tid, rett og slett fordi ho «knip» seg fast:
– Maneta har spesialiserte «klebeplater» på tentaklane sine. Ho klamrar seg fast i ålegras og tang på dagtid, og sym til overflata for å fange mat på natta.
Som brennmaneta, er klamremaneta eit nesledyr. Ho har ei kraftig neslegift. I løpet av årets sommarmånadar, har Falkenhaug fått telefonar frå personar som har kome litt for nært på den vesle maneta.
– Fleire har fortalt at dei opplevde det som ekstremt smertefullt å verte brent, seier havforskaren og held fram:
– Klamremaneta vart ikkje observert i Sverige før ut på 2000-talet, og DNA-analysar svenske forskarar utførde tyder på at det har vore to ulike populasjonar av klamremaneta i våre farvatn. Den eine kom seinare, men er også giftigare enn den andre, seier Falkenhaug.
Den andre maneta som dominerte sommaren, er kompassmaneta (Chrysaora hysoscella). Ho byrja å sige inn langs kysten i siste halvdel av juli.
– Det plar kome enkelte kompassmaneter kvart år, men vi har ikkje sett så mange av ho før som i år, seier Falkenhaug.
Det er kome inn nesten 250 observasjonar av maneta i løpet av sommaren.
– Maneta er også eit nesledyr, men ho brenn ikkje så mykje. Ho er også utruleg vakker, seier havforskaren.
Kjenneteiknet til maneta er mønsteret på klokka: dei mørke v-stripene som går frå midten, nesten som eit kompass.
Det er meldt om kompassmanet i alle storleikar – noko som betyr at både hoer og hannar har vore på Noregsferie.
– Dei aller minste individa er hannar. Men når kompassmaneta veks seg større, byter ho kjønn Dei aller eldste og største individa er difor berre hoer, forklarar Falkenhaug.
Sommaren er på hell, men manetene dukkar framleis opp. No er meldingane om den glupske amerikanske lobemaneta byrja å tikke inn.
– Maneta er kome til Sørlandskysten og Vestlandet. Ho plar flytte seg nordover etter kvart.
Om du ser amerikansk lobemanet – eller andre manetsyn – meld frå via Dugnad for havet.
Sjå fleire av sommarens manet-bilete her: