I sør og i vest har det vore oppblomstringar av glasmanet (Aurelia aurita), og i aust av brennmanetene.
Fotograf: Foto frå venstre: Stig Andreas Langeland / Dugnad for Havet og Ingvild Nerås / Dugnad for HavetPublisert: 26.06.2025
Årets sedvanlege feriegjester er komne til kysten: brennmanetene.
– Det har vore observert store mengder av desse i Indre Skagerrak og Oslofjorden i juni. Det har vore tett i tett med små maneter, fortel havforskar Tone Falkenhaug.
Desse småmanetene er unge brennmaneter – og tilsynelatande ei blanding av to arter: både raude (Cyanea capillata) og blå brennmaneter (Cyanea lamarckii).
Når dei er så små er det vanskeleg å slå heilt fast kva som er kva av desse to artane – for begge kan førekome i fleire nyansar. For endeleg fasit skulle havforskaren helst også talt tentaklane:
– Tentaklane til den blå brennmaneta er samla i åtte grupper langs klokkekanten. Kvar gruppe har mellom 40 og 60 tenktalar. Den raude brennmaneta har endå fleire tentaklar i kvar gruppe, forklarar Falkenhaug.
Kvar sommar får Tone Falkenhaug inn hundrevis av meldingar om maneter gjennom folkeforskingsplattforma vår Dugnad for havet. Forskaren går gjennom alle observasjonane og validerer art.
Dette har lete ho følgje den blå brennmaneta si vandring nordover, varsle når den giftige perlesnormaneta nærmar seg kysten og vere vitne til ein og annan sensasjon.
– For første gong opnar vi no også for at særleg interesserte kan byggje sin eigen tidsserie – at dei kan overvake mengda maneter på sin favorittplass over tid, seier Falkenhaug.
Heilt sidan 1992 har havforskarane på forskingsstasjonen vår i Flødevigen bygd opp ein tidsserie av manetobservasjonar.
To gongar i veka mellom klokka 8 og 9 om morgonen går nokon langs bryggekanten og tel kor mange maneter som har funne vegen inn til eit avmerkt område i bukta, og kva art det er.
– Det viktigaste er at du gjer det frå same stad og på same måte kvar einaste gong, seier Falkenhaug og forklarar:
– Det er først då vi kan studere variasjonar over tid – mellom sesongar, frå år til år og i kva maneter som dukkar opp.
Korleis årets manetsommaren vert er umogeleg å spå på førehand. Medan austlendingane har sett brennmaneter, har glasmaneter vore observerte i større grad i sør og i vest.
– Maneter blomstrar opp raskt om det er gode vilkår. Det er uføreseieleg når det vert klaff mellom gode forhold på havbotnen, der polyppane formeirer seg, kor mykje mat manetene har tilgjengeleg og rett temperatur.