Ved denne avfallsplassen i Kollevågen vart det dumpa likt og ulikt frå Bergen og omland frå 1929 til langt inn på 1970-talet. Biletet er frå 1971. (Foto: Birkhaug og Omdal / Grind)
Publisert: 10.06.2025
Då forskarane undersøkte mengda kvikksølv i lysing frå norske farvatn, fann dei lite.
Unntaket var nokre lysingar fanga nær Kollevågen på Askøy. Der har sigevatn frå ei gammal søppelfylling forureina sjøen.
– No har vi undersøkt «fingeravtrykket» på kvikksølv frå denne fisken. Det var heilt annleis enn på lysing frå andre delar av kysten og Nordsjøen.
Det fortel havforskarane Yiou Mike Zhu og Michael Bank.
– Den avanserte metoden vi har brukt, gjer at vi kan finne ut om kvikksølv i fisk kjem frå naturlege kjelder, eller frå bestemte forureiningskjelder – punktkjelder – på land eller i sjø. Dermed har vi òg fått ein avansert reiskap for å følgje kvikksølvet sin ferd gjennom økosystemet, der det gjerne hopar seg opp på toppen av næringskjeda, seier Zhu.
Metoden Zhu snakkar om, er basert på at ulike stabile isotopar av kvikksølv – variantar av grunnstoffet – har ulike kjemiske signaturar eller fingeravtrykk (sjå faktaboks).
– Det betyr at kvikksølv frå atmosfæren, eller frå vulkanske rørsle på havbotn, kan ha andre signaturar enn kvikksølv frå ei bestemt søppelfylling eller ein bestemt fabrikk, seier han.
Høge nivå av kvikksølv – særleg av den organiske forma metylkvikksølv – kan vere skadeleg for både dyr og menneske.
– Derfor er det viktig både å overvake utslepp og å finne ut meir om korleis kvikksølv beveger seg i naturen. Sjølv om ein fisk er fanga i ope hav, kan den ha fått i seg kvikksølv frå ei forureiningskjelde nær kysten. No blir vi i stand til å spore denne forureininga, seier Bank.
Hovudproblemet med kvikksølv – metylkvikksølv inkludert – er at stoffet hopar seg opp i organismar over tid.
– Vi kallar det bioakkumulasjon når nivået av kvikksølv i fisken aukar etter kvart som han veks og vert eldre, og etablerer seg høgare opp i næringskjeda, seier Zhu.
I tillegg har vi ein prosess som heiter «trofisk forsterking»:
– Når plankton tar opp kvikksølv frå vatnet, blir konsentrasjonen av kvikksølv i planktonet høgare enn i omgjevnadene. Så et småfisken planktonet, og det hopar seg ytterlegare opp. Når småfisken blir ete av rovfisk, vil nivået bli enda høgare, seier Zhu.
Lysingen frå Kollevågen hadde ikkje berre høgare verdiar av kvikksølv enn artsfrendane frå andre stader, men òg av næringsstoffet selen.
– Truleg fører akkumulering av kvikksølv i organismen òg til aktiv akkumulering av selen eller selen-relaterte biokjemiske bindingar. Tidlegare forsking tyder på at selen på eit eller anna vis utliknar noko av helserisikoen ved kvikksølv.
– Dei underliggjande mekanismane er ikkje kjende, men det er mogleg at selenet bidrar til å gjere metylkvikksølv om til mindre skadelege former av uorganisk kvikksølv, seier Zhu.
– Denne studien er en del av ein større visjon for bruk av isotopkjemi både i Noreg og andre stader, og vi finn stadig nye og spennande måtar å bruke desse teknikkane på, til støtte for havhelse og berekraftig utvikling, seier Bank.
Sjå også:
Norsk kvikksølvforskning viktig for FN | Havforskningsinstituttet
Nå skal FN vurdere risikoen og fordelene ved å spise sjømat
Skal finne ut hvor kvikksølv i fisk kommer fra | Havforskningsinstituttet
Forskarane sporar det forureina «fingeravtrykket» i krabben | Havforskningsinstituttet
Yiou Zhu, Julien Barre, Arved Staby, Martin Wiech, Zoyne Pedrero Zayas, Emmanuel Tessier, Sylvain Bérail, Amund Maage, Livar Frøyland and Michael S. Bank. 2025. Distribution and trophic transfer of mercury and selenium in European Hake (Merluccius merluccius) from the Northeast Atlantic Ocean: a stable isotope approach. Journal of Hazardous Materials 494, 138564. DOI: 10.1016/j.jhazmat.2025.138564