Gå til hovedinnhold

Kvoteråd for augepål: ICES tilrår nullfiske


Nærbilete av ein augepål på havbotn

Augepål på havbotn. Foto: Erling Svensen HI

Som i fjor tilrår havforskarane nullfiske av augepål i Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat.

– Augepål har hatt tre dårlege årsklassar på rad, og gytebestanden er låg. Sjølv med nullfiske er det lite sannsynleg at gytebestanden vil kome over kritisk nivå i 2026.

Det seier havforskar Bjarte Bogstad om bakgrunnen for at det også i år blir tilrådd nullfiske av augepål.

Lite fôrfisk for tida

Augepål er ein liten og kortliva torskefisk som er viktig for industrifisket i Nordsjøen og som mat for større fisk.

– Det er generelt lite fôrfisk i Nordsjøen no, for vi ser ikkje mykje tobis heller, seier Bogstad. 

Kvoterådet blei lagt fram av Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) fredag 10. oktober. Rådet gjeld perioden 1. november 2025 til 31. oktober 2026.

Berre bifangst i noverande kvoteperiode

Fangsten i inneverande kvoteperiode er på berre 3899 tonn, og dette er utelukkande bifangst. 

Det betyr at fiskarane har fått augepål i fangsten når dei har fiska på andre artar.

Her finn du heile det tekniske rådet frå ICES.