Publisert: 05.02.2026
Det kjem fram i den nye Ressursoversikta som Havforskingsinstituttet (HI) lanserte i Tromsø torsdag.
– 2013 var eit toppår. Sidan den gang har den samla biomassen i havet – altså summen av alle fiskebestandane der det er biomassedata tilgjengeleg – gått nedover, seier forskingsdirektør Geir Huse.
I 2013 var denne biomassen omtrent 35 millionar tonn.
I 2025 er den omtrent 17 millionar tonn.
– Det er det lågaste nivået vi har målt i heile tidsserien.
Sjå opptak frå Ressursoversikt-framlegginga på botnen av saka.
Fallet i biomasse, heng saman med at fleire av dei 46 bestandane som Ressursoversikta vurderer slit.
Ressursoversikta viser nedgang i rekruttering hjå fleire av dei kommersielt viktigaste bestandane våre – noko som også har vorte spegla i kvoteråda dei siste åra.
For nordaustarktisk torsk – også kjend som skrei – har det gått nedover sidan toppåret 2013. No er gytebestanden mellom føre-var-nivået og kritisk nivå.
– Dette kjem først og fremst på grunn av svikt i rekrutteringa – nok ungfisk veks ikkje opp. Men dei siste åra har det også vorte fiska meir skrei enn tilrådd, seier Huse.
Skreikvoten som Noreg og Russland vart einige om i fiskeriavtalen i desember, er den lågaste sidan 1991. Endeleg kvote låg over HI sitt kvoteråd for bestanden.
Endå det er venta ein svak oppgang i bestanden i dei næraste åra, vil skreien framleis vere på eit lågt nivå, historisk sett.
Sidan år 2000 har det også gått nedover for pelagisk fisk, dei som lever i dei frie vassmassane.
– For makrellen er det no kritisk, seier Huse.
Gytebestanden har gått frå nesten 13 millionar tonn i 2014 til 2,7 millionar tonn i 2025.
Når gytebestanden kjem under 3 millionar tonn, forventar havforskarane at makrellen får redusert evne til å lage sterke, nye årsklassar.
– Rekrutteringa dei siste ti åra har vore svak, og i tillegg har fisketrykket dei siste åra vore for høgt, seier Huse.
Slik er stoda for dei seks kommersielt viktigaste bestandane i våre havområde:
| Bestand/forvaltningseining | Rekruttering | Biomasse | Fisketrykk |
|---|---|---|---|
| Kolmule | |||
| Makrell | |||
| Sild, norsk vårgytande | |||
| Hyse, nordaustarktisk | |||
| Torsk, nordaustarktisk | |||
| Sei, nordaustarktisk |
Fargane viser tilstanden. Grøn tyder «god» tilstand, gul tyder «middels» tilstand og raud tyder «dårleg» tilstand.
Ressursoversikta ser også på drivarane bak endringane havforskarane observerer i havområda våre.
I tillegg til dei menneskelege påverknadane til havs, endrar også klimaendringane vilkåra i havet.
Som HI si oppsummering av kystklima-året synte: i 2025 var det rekordvarmt i sjøen langs norskekysten.
Også i norske havområde var det unormalt varmt. Overflatetemperaturen var mellom 0,5 og 2,5 grader over normalen i 2025.
Dei siste 40 åra har sjøtemperaturen i dei øvste 200 meterane av havet auka, syner HI sine måleseriar, endå det er naturlege variasjonar som gjev lågare temperatur i periodar.
I store deler av dei norske havområda, var også mengda dyreplankton lågare i 2025 enn tidlegare.
I sine tidlege livsfasar – medan dei er larvar og yngel – lever alle fiskebestandar av plankton. Dei pelagiske fiskane et plankton heile livet.
– Både i Barentshavet og i Norskehavet er det særleg lite av dei mellomstore planktona, seier Huse.
– Dette er til dømes raudåte og ishavsåte, som er viktig mat for dei pelagiske fiskane.
Havforskingsinstituttet byggjer no opp eit nytt forskingsprosjekt som skal undersøke korleis planktonet responderer på dei forventa klimaendringane.